Vil sikre fremdrift for Oslopakke 3

- Regjeringen vil sikre at planlegging og avklaringar for Oslopakke 3 får en framdrift som føljer opp ønske fra lokalt hold.

- Regjeringa vil difor allereie i haust komme med eit forslag som legg til rette for at ein så tidleg som mogleg i 2008 kan starte den auka bompengeinnteninga som dei lokale styresmaktene ønskjer. Dette seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i samband med at det i dag er lagt fram ei orientering om Oslopakke 3. Orienteringa er tatt inn i ein stortingsproposisjon som vart lagt fram i statsråd i dag. - Det neste trinnet vil vere eit nytt framlegg for Stortinget i samanheng med Nasjonal transportplan for perioden 2010 2019. Her vil den samla utbyggingsplanen for Oslopakke 3 bli presentert, mellom anna på bakgrunn av kvalitetssikring og dei prioriteringane som er gjort i samband med Nasjonal transportplan. Lokale styresmakter har også lagt til grunn at bompengar kan nyttast til drift av kollektivtransport. For å få dette til er det nødvendig med ei endring i veglova. Samferdselsdepartementet er i gang med dette lovarbeidet. Departementet tek sikte på å leggje fram eit slikt forslag til lovendring i haust, samtidig med forslaget som skal opne for framtidig bompengeinnkrevjing, seier samferdselsministeren. Riksveg 150 Ulvensplitten Sinsen Det er no utarbeidd ny reguleringsplan for prosjektet, og det er venta at planen skal handsamast av Oslo bystyre i mai. Samferdselsdepartementet tek sikte på å komme tilbake til Stortinget med revidert kostnadsoverslag, framdrifts- og finansieringsplan i haust, i samband med forslag som legg til rette for auka bompengeinntening. Gjennom å opne for å starte bompengeinnkrevjinga i tråd med Oslopakke 3, kan ein innfri målet om at anleggsarbeidet kan komme i gang att våren 2008. Slik kan prosjektet opnast for trafikk i 2012. Oslo kommune har sett av midlar til å dekkje kostnadene ved bygging av dei kommunale vegane som inngår i prosjektet. Det er lagt opp til å starte bygginga av dei kommunale vegane hausten 2007, går det fram av orienteringa.