Avløp og renovasjon passerte 11 milliardar

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd var på om lag 11,8 milliardar kroner i 2006. Dette er ein auke på 11 prosent samanlikna med året før, skriv SSB.

Omsetninga for avløps- og renovasjonsverksemd hadde ein auke på 1,2 milliardar kroner i 2006 samanlikna med 2005. I sjette termin - november og desember - 2006 var omsetninga på 2 milliardar kroner. Dette tilsvarar ein auke på 12 prosent jamført med same periode i 2005. Bedriftene som driv med oppsamling og behandling av avløpsvatn hadde ei omsetning på om lag 1,1 milliardar i 2006. I november og desember 2006 var omsetninga på vel 196 millionar kroner. Dei bedriftene som arbeider med ytre reinhald, miljørydding, miljøreinsing og liknande verksemd hadde ei omsetning på 396 millionar kroner i 2006. I sjette termin var omsetninga på 92 millionar kroner. I 2006 stod omsetninga innanfor innsamling og handtering av anna avfall for om lag 9/10 av den totale omsetninga innanfor avløps- og renovasjonsverksemd. Denne næringsundergruppa hadde ei omsetning på 10,3 milliardar kroner i 2006. I november og desember var omsetninga på 1,8 milliardar kroner.