Løyve til bygging av Tveitelva kraftverk

NVE gjev Tveitelva Kraft AS løyve til å bygge Tveitelva kraftverk i Kvinnherad kommune, Hordaland. Kraftverket skal ha ein årleg produksjon på rundt 10 GWh noko som svarar til den årlege straumbruken til omlag 500 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 230 meter over ei strekke på ca. 940 meter. Heile røyrgata skal gravast ned. Utbygginga vil redusere vassføringa i Tveitelva. Av omsyn til landskapsopplevinga og det biologiske livet i elva er det fastsett ei minstevassføring i Tveitelva på 220 liter i sekundet i perioden 1. mai - 30. september. Resten av året skal det sleppast 30 liter i sekundet. NVE meiner at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene for allmenne og private interesser.