Løyve til å bygge Kveaså kraftverk i Valle

NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å bygge Kveaså kraftverk i Valle kommune i Aust-Agder. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 15 GWh, noko som tilsvarar straumbruken til rundt 800 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 367 meter i Kveasåni, som er eit sidevassdrag til Otra. Vatnet vil gå i eit nedgrave trykkrøyr dei første 500 metrane frå inntaket, deretter i tunnel til kraftstasjonen ved Riksveg 9. Utbygginga vil redusere vassføringa i Kveasåni. Av omsyn til biologien i og langs vassdraget, og opplevinga av fossen i Kveasåni, er det sett krav om ei minstevassføring på 110 liter i sekundet om sommaren og 55 liter i sekundet om vinteren. Med desse vilkåra meiner NVE at allmenne interesser er sikra, samstundes som ei utbygging vil gje ein viss auke i kraftproduksjonen.