Løyve til bygging av Fykanvannet kraftverk

NVE gjev Statkraft Energi AS løyve til å bygge Fykanvannet kraftverk i Meløy kommune, Nordland. Kraftverket vil gje ein årleg produksjon på 12 GWh, noko som svarar til straumbruken til omlag 600 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 88 meter. Sjølve aggregatet skal plasserast inne i den eksisterande Glomfjord kraftstasjon. Fykanvannet vil bli inntaksmagasin for kraftverket og vil bli regulert med inntil to meter senking i vinterhalvåret. Som inntakstunnel i Fykanvannet skal det nyttast ein eksisterande tunnel frå ein tidlegare kraftstasjon. Frå utløpet av den gamle tunnelen og ned mot Glomfjord kraftstasjon vil det bli lagt nye røyr oppe i dagen. Det er sett krav om å halde høg vasstand i Fykanvannet frå 1. juni og ut oktober. Dette vil i stor grad bøte på dei negative verknadene av reguleringa for landskap og friluftsliv, og vil syte for at aurebestanden i vatnet har høg vasstand i gyteperioden. Med dette vilkåret er det NVEs vurdering at konfliktnivået ved utbygginga er vesentleg redusert, og at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene for allmenne og private interesser.