Lita endring i lastebilkostnadene

Totalkostnadsindeksen for lastebiltransport var uendra frå februar 2007 til mars 2007. I løpet av dei siste tolv månadene har totalkostnadene stige med 3,6 prosent.

Delindeksen for reparasjons- og servicekostnader auka med 0,7 prosent den siste månaden, etter prisjusteringar hos enkelte leverandørar. Det siste året har denne delindeksen stige med 5,2 prosent. Prisstigning på dekk Dekkindeksen gjekk opp med 0,7 prosent frå februar til mars. I løpet av det siste året har denne delindeksen stige med 7,2 prosent. Dyrare diesel Prisutviklinga på råolje førte til at drivstoffindeksen gjekk opp med 0,3 prosent den siste månaden. Frå mars 2006 til mars 2007 har denne delindeksen gått ned 2,2 prosent. Drivstoffindeksen er basert på faktiske pumpeprisar innhenta frå forhandlarar over heile landet den 15. i kvar månad. Nedgang i kapitalkostnadene Kapitalkostnadsindeksen gjekk ned 0,7 prosent frå februar til mars. Det siste året har denne indeksen, som er samansett av avskrivingar, rentekostnader og vektårsavgifter/årsavgift, stige 9,2 prosent. Dei andre delkostnadsindeksane viser inga endring den siste månaden.