NVE avslår to og gjev løyve til eit småkraftverk i Volda kommune

NVE avslår søknadane frå Småkraft AS og Botnaelva Energi AS om å få bygge Aurstadelva kraftverk og Botnaelva kraftverk. NVE gjev samstundes Skinvik Kraftverk AS løyve til ei redusert utbygging av Skinvikelva.

NVE har vedteke at det berre kan gjevast løyve til eit av dei tre nemnde kraftverka som no har vore planlagt i Austefjordområdet. I alle tre sakene har NVE lagt avgjerande vekt på omsynet til fosselandskapet i Austefjorden der det allereie er bygd ut fleire elvar. For Botnaelva er det og lagt stor vekt på omsynet til biologisk mangfald i og langs vassdraget. Ei utbygging av Skinvikelva med inntak nedanfor Skinvikfossen, er med dei fastsette avbøtande tiltaka etter NVEs syn akseptabel i høve til allmenne interesser. Det planlagde kraftverket vil nytte eit fall på ca. 95 meter over ei strekning på omlag 750 meter. Årleg produksjon vert omlag 3 GWh noko som tilsvarar straumbruken til rundt 150 husstander. Det er fastsett ei minstevassføring på 100 liter i sekundet om sommaren, og 40 liter i sekundet resten av året. NVE meiner at sjølv med avbøtande tiltak vil ei utbygging av Aurstadelva og Botnaelva ha større ulemper enn fordelar og avslår difor desse søknadene.