Løyve til bygging av Rasdalen kraftverk

NVE gjev Småkraft AS løyve til å bygge Rasdalen kraftverk i Voss kommune, Hordaland. Kraftverket vert bygd utan reguleringsmagasin og vil gje straum til over 900 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 280 meter over ei strekke på omlag 1 kilometer. Inntaket vert plassert om lag 1,5 kilometer nedstraums Rasdalsvatnet.. Vassvegen vil dels gå i tunnel og dels i nedgrave røyr. Kraftverket skal ligge like ovanfor der E16 kryssar Rasdalselva. Utbygginga vil redusere vassføringa i Rasdalselva. For å ta vare på det biologiske livet i elva vert det sett krav til ei minstevassføring i Rasdalselva på 110 liter per sekund heile året. NVE meiner det er viktig å vere varsam med tanke på Rasdalselva si noverande og framtidige verdi som oppvekstområde for laksefisk. Det er difor sett som ein føresetnad for utbygginga at det skal installerast ein omløpsventil i kraftverket, og at alle endringar i vassføringa nedstraums kraftverket skal skje ved mjuke overgangar. Med desse avbøtande tiltaka er NVE si vurdering at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene for allmenne og private interesser.