Løyve til å bygge Hovland kraftverk

NVE gjev Hovland Kraftverk løyve til å bygge Hovland kraftverk i Hovlandselva, Flora kommune i Sogn og Fjordane. Kraftverket vil få ein årleg produksjon på om lag 9,9 GWh, noko som tilsvarar forbruket til rundt 500 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 400 meter frå Hovlandstøylen over ei strekke på om lag 1500 meter i eit skog- og jordbrukslandskap. Inngrep vil i hovudsak omfatte inntaksdam, rørgate og kraftstasjon. Av omsyn til landskaps- og naturmiljøet er det sett krav om at det vert sleppt ei tilsigsavhengig minstevassføring på 50 l/s gjennom heile året. NVE vurderer utbygginga saman med dei avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne interesser.