Løyve til å bygge Kvernelva kraftverk

NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å bygge Kvernelva kraftverk i Kvernelva/Åbjøravassdraget i Bindal kommune i Nordland.

Kraftverket er eit elvekraftverk med ein årleg produksjon på omlag 13,5 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 675 husstander. Kraftverket vil nytte eit fall på 127 meter over ei strekke på omlag 700 meter. Røyrgata skal gravast/sprengast ned. Det var i utgangspunktet søkt om inntak høgare opp i vassdraget på kote 182, noko som hadde gjeve ein årleg produksjon på omlag 18,5 GWh. Dette ville ha verka negativt inn på fleire ulike allmenne interesser. NVE har difor gått inn for å flytte inntaket til ca. kote 147 nedstraums Kleivnestjønna. Utbygginga vil redusere vassføringa i Kvernelva. Av omsyn til friluftslivet og opplevinga av landskapet, og biologien i og langs elva, er det sett krav om minstevassføring på 200 liter i sekundet om sommaren og 50 liter i sekundet om vinteren. Prosjektområdet ligg nær hovudflyttlei og beiteområde for rein. Med justeringar i prosjektet i høve til dei omsøkte planane meiner NVE at reindriftsinteressene er ivareteke. NVE vurderer utbygginga med dei fastsette avbøtande tiltaka til å vere akseptabel i høve til allmenne og private interesser.