Løyve til å byggje Færåsen kraftverk

NVE har gjeve Agder Energi Produksjon AS løyve til å bygge Færåsen kraftverk i Lindesnes kommune, Vest - Agder. Kraftverket vil få ein årleg produksjon i underkant av 6 GWh, noko som svarar til straumbruken til rundt 300 husstandar.

Kraftverket vil nytte fallet mellom Eptevann og Brådlandsvann i Trylandsvassdraget og vil redusere vassføringa på denne strekninga. Av omsyn til landskap og biologien i og langs elva, er det sett krav om minstevassføring på 250 liter per sekund om sommaren og 100 liter per sekund om vinteren. NVE meiner at fordelane ved utbygginga er større enn ulempene for allmenne og private interesser. Meir informasjon om Færåsen kraftverk på www.nve.no