Både ja og nei til vindkraft i Sunnhordland

NVE gir fem konsesjonar og eit avslag til vindkraftverk i Sunnhordland. Selbjørn, Stolmen, Kvalvåg og Store Kalsøy vindkraftverk i Austevoll kommune og Midfjellet vindkraftverk i Fitjar kommune har fått løyve.

NVE har i vedtaka lagt vekt på forsyningssikkerheit og kraftbalansen i Sunnhordlandsregionen. NVE avslår søknaden til Langevåg vindkraftverk i Bømlo kommune. Meir om kvart løyve nederst på sida. Fem løyve og eit avslag på vindkraftsøknader i Austevoll, Fitjar og Bømlo kommunar. Sjå større kart. Sunnhordland har i dag kraftunderskot. Vindkraftverka som har fått konsesjon, vil samla kunne produsere om lag 600 GWh elektrisitet i året. Det svarar til staumbruken til om lag 30 000 husstandar. Kraftproduksjonen vil vere eit monaleg bidrag til å betre kraftbalansen i Sunnhordlandsregionen. Ulempene ved desse vindkraftverka er først og fremst visuelle. I tillegg vil dei få verknader for friluftsliv, kulturminne og bustader og andre bygg. Vindkraftverka gir miljøvennleg kraftproduksjon og kan gi eit viktig bidrag til elektrisitetsproduksjonen i Noreg. Vedtaka vil vere eit bidrag til å nå Regjeringa sitt mål om 30 TWh fornybar energi innan 2011. NVE meiner difor at samfunnet må godta enkelte lokale ulemper. Austevold kommune går ikkje inn for å bygge Selbjørn vindkraftverk. - Når NVE likevel gir konsesjon, har vi lagt avgjerande vekt på behovet for auka kraftproduksjon i regionen, seier vassdrags- og energidirektør Agnar Aas. NVE har i sitt avslag til Langevåg vindkraftverk lagt vekt på verknadene tiltaket har på natur- og kulturmiljø, friluftsliv, landskap, nærføring til vei og mogelege støyulemper for bustader og bygg. NVE gir samtidig konsesjon til ein 300 kV kraftleidning frå Midtfjellet til Børtveit i Fitjar og Stord kommunar. Kraftleidningen skal knyte Midtfjellet vindkraftverk til kraftnettet. Denne løysinga vil styrke forsyningssikkerheiten og gjere det mogeleg å etablere meir kraftproduksjon i regionen.