Rekordhøg produksjon av investeringsvarer

Produksjonen av investeringsvarer hadde ein oppgang på 10,0 prosent i 2006 samanlikna med 2005, viser vekekorrigerte tal, fra SSB.

Det var også ein auke i produksjonen av innsatsvarer. Veksten for desse næringane har halde fram i fjerde kvartal 2006. Rekordhøge investeringar i norsk olje- og gassverksemd, målt i verdi gjennom 2006, samt ein svært god ordresituasjon for bygging og utrusting av forsynings- og spesialfartøy til oljeverksemda, har gjeve grunnlag for den sterke auken i produksjonen av investeringsvarer. Dette har skapt klare ringverknader til resten av verkstadnæringane. Saman med vekst i etterspurnaden etter verkstadprodukt frå utlandet vart difor produksjonen av investeringsvarer rekordhøg i 2006. Plattformindustrien hadde ein auke på 19,2 prosent, medan metallvarer hadde ein vekst på 11,9 prosent. I transportmiddelindustrien har det vore ein oppgang på 9,8 prosent. Maskinindustrien, som er knytt til bygging av skip gjennom leveransar av motorar og anna utstyr, har hatt ein auke på 6,6 prosent i produksjonen i 2006 samanlikna med året før. Rekordhøg produksjon av ikkje-jarnhaldige metall i 2006 Det var ein vekst på 3,4 prosent i produksjonen av innsatsvarer i 2006 samanlikna med året før. Ein auke i etterspurnaden frå utlandet har sørgt for vekst i kjemiske råvarer og ikkje-jarnhaldige metall. Dette gjeld særskild ny verksemd med produksjon av solceller basert på superreint silisium. Produksjonen av ikkje-jarnhaldige metall var rekordhøg i 2006 og han hadde ein vekst på 3,8 prosent samanlikna med 2005. Marknads- og konkurransetilhøve verka framleis negativt inn på andre delar av den innsatsvareproduserande industrien. Dette var verksemd i produksjon av silisium med gammal teknologi, i ferrosilisium og i treforedling. Fleire bedrifter er lagde ned gjennom 2006 og produksjonen i norsk treforedlingsindustri har til dømes gått ned med 8,0 prosent samanlikna med året før. Produksjonen av konsumvarer hadde ein vekst på 0,6 prosent i 2006 samanlikna med 2005. Det var ein oppgang i produksjonen av ikkje-varige konsumvarer på 0,8 prosent, medan det var ein nedgang på 1,8 prosent i varige konsumvarer. Næringsmiddelindustrien og forlag og grafisk industri hadde ein auke, medan møbelindustrien og annan industri hadde ein nedgang. Det var ein vekst på 4,4 prosent i norsk industriproduksjon i 2006 samanlikna med 2005 viser vekekorrigerte tal. Klar oppgang i fjerde kvartal Sesongjusterte tal viser at det var ein vekst på 2,7 prosent i norsk industriproduksjon i fjerde kvartal 2006 samanlikna med kvartalet før. Oppgangen i næringar som transportmiddel- og metallvareindustrien har halde fram saman med ein auke i produksjonen av kjemiske råvarer og i ikkje-jarnhaldige metall. Det har også vore ein vekst i norsk nærings- og nytingsmiddelindustrien i fjerde kvartal 2006 samanlikna med tredje kvartal. Norsk industri samanlikna med eurosona Norsk industriproduksjon hadde ein vekst på 4,7 prosent i november 2006 samanlikna med november 2005, viser vekekorrigerte tal. Statistikk frå Eurostat viser at industriproduksjonen i land i eurosona hadde ein oppgang på 2,5 prosent i same tidsrom.