Gass til kommunale bygg i Fræna

I dei nærmaste dagane skal Naturgass Møre ta i bruk eit nytt leidningsnett for å forsyne kommunale bygg i Elnesvågen med gass, melder NRK.

Gassen skal vere eit supplement til elektrisk kraft, og kan vere starten på ei større utnytting av gass frå Ormen Lange-anlegget på Nyhamna til energiformål. Røyrleidning gjennom Elnesvågen Lågtrykksnettet for gassen er lagt langs gang- og sykkelstien gjennom sentrum i Elnesvågen. Etter kvart kan det også bli aktuelt for private å kople seg til dette leidningsnettet. I første omgang kjem gassen frå eit tankanlegg med flytande gass ved Tine. Seinare er det meininga å byggje ein leidning der gassen blir ført under høgtrykk frå Nyhamna til Fræna. Dette blir utgreidd i samband med den felles konsesjonssøknaden frå Naturgass Møre og Industrikraft Møre, som vil byggje gasskraftverk i Elnesvågen. Gass som drivstoff - For å få full utnytting av gassrøyrleidningen ønskjer Naturgass Møre også å byggje ein LNG-fabrikk i Elnesvågen, seier dagleg leiar Tore Nordal. Fabrikken skal omdanne gassen frå Ormen Lange til væske til bruk som drivstoff i transportnæringa. Naturgass Møre er eigd av Tafjord Kraft, Istad, Gasnor, Nordmøre Energiverk, Tussa, Møre og Romsdal fylke og kommunane Haram, Aukra og Ålesund.