Byggesmell i Sogn og Fjordane

Høg aktivitet i byggjebransjen kan føre til millionsprekk for offentlege byggjeprosjekt i Sogn og Fjordane, skriv NRK på sine heimesider.

Byggjekostnadane til Trivselshagen på Sandane vart ti prosent dyrare enn dei 70 millionane som det vart budsjettert med. Det fører til 300 kvadratmeter med mindre areal og eit ekstrautlegg på tre millionar kroner. Bygge- og eigedomssjef i fylkeskommunen, Torolf Norheim, fryktar at også skule- og operahusprosjektet på Nordfjordeid, som har ein samla prislapp på 151 millionar kroner, vil gå på ein smell. - Handtverkarar og entreprenørar har mykje å gjere, og då dei kan dei og skru opp prisane. Så langt er fire entreprenørar med i anbodsrunden som skal vere ferdig i januar. Byggjekostnaden åleine er rekna til 120 millionar kroner.