Løyve til å bygge Bergstø kraftverk

NVE har gjeve Småkraft AS løyve til å bygge Bergstø kraftverk i Stølselva i Etne kommune i Hordaland. Kraftverket er eit elvekraftverk med ein årleg produksjon på om lag 12 GWh, noko som tilsvarer straumbruken til rundt 600 husstandar.

Kraftverket vil nytte eit fall på 240 meter over ei strekke på om lag 1340 meter. Røyrgata skal gravast ned. Utbygginga vil redusere vassføringa i Stølselva. Av omsyn til biologien i og langs elva, og fordi Bergstødalen med Stølselva er ein innfallsport til Folgefonna nasjonalpark, er det sett krav om minstevassføring på 150 l/s om sommaren og 65 l/s om vinteren. NVE vurderer utbygginga med dei avbøtande tiltaka til å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser.