Få klager på KOFA

Klagenemnda for offentlege anskaffelser (KOFA), har vore under lupa. Ein fersk rapport viser at ordninga har verka bra. Klagenemnda er i følgje fleirtalet av dei spurde ei god handhevingsordning i tråd med måla bak opprettinga.

KOFA blei oppretta 1. januar 2003 for å dekkje behovet for ein alternativ tvisteløysingsmodell til ordinær domstolsbehandling. Formålet med ordninga var å gi eit raskare og rimelegare klagealternativ for leverandørar på eit lågare konfliktnivå. - Eg er oppteken av at vi har eit velfungerande system for klage- og konflikthandtering omkring offentlege innkjøp og innkjøpsregelverket, seier Fornyings- og administrasjonsminister Heidi Grande Røys. - Det blei tidleg klart for meg at sakshandsamingstida var eit problem. Eg auka derfor budsjettet til KOFA med 1,5 millionar kroner i år. Dette nivået blir halde oppe også til neste år, seier Røys. Hovudinntrykket som rapporten gir, er at ordninga fungerer godt, og at fleirtalet av brukarane meiner at det neppe er behov for større endringar. - Eg er sjølvsagd svært nøgd med denne tilbakemeldinga seier Grande Røys. Vi vil likevel gå gjennom rapporten grundig for å sjå om det er rom for forbetringar, seier ho.