Løyve til å bygge Dvergsdalsdalen kraftverk

NVE har gjeve løyve til å bygge Dvergsdalsdalen kraftverk i Fagredalselva i Jølster kommune i Sogn og Fjordane.

Kraftverket er eit elvekraftverk med ein årleg produksjon på om lag 6 GWh, noko som tilsvarer straumbruken til rundt 300 husstandar. Kraftverket vil nytte eit fall på 275 meter over ei strekkje på om lag 1500 meter. Røyrgata skal gravast ned. Utbygginga vil redusere vassføringa i Fagredalselva og Myklebustelva. Av omsyn til friluftslivet og opplevinga av landskapet er det sett krav om minstevassføring på 100 l/s om våren og hausten og 300 l/s om sommaren. Minstevassføringa vil óg ivareta omsynet til levevilkåra i og langs elvane på strekkja som skal byggast ut. Av omsyn til gyte- og veksttilhøva for auren i Dalevatnet skal det installerast ein omløpsventil i kraftverket, og slukeevna skal reduserast til 700 l/s. NVE vurderer utbygginga med dei avbøtande tiltaka å vere akseptable i høve til allmenne og private interesser.