- Eg er flau

Omfattande veg- og samferdselsdebatt kombinert med krav om betre vegar, er vanleg i Norge, skriv vegdirektør Olav Søfteland i ein kronikk i etatsavisa Vegen og vi.

Av Olav Søfteland Så langt eg hugsar tilbake var det ei tid då det var mykje klaging over dårlege grusvegar og ønskje om oljegrus eller asfalt. Eg ser at det er framleis tilfelle for mange fylkesvegar. Seinare kom kravet og debatten om nye og meir moderne vegar, ikkje berre om å få asfalt. I sommar har det vore skrive uvanleg mykje om dårlege vegar, og no er det mykje kritikk av vedlikehaldet. Det er nesten som å vere tilbake til grusvegtida. Journalistane har sett at asfaltdekka har djupe spor og er oppsprukne, og har skrive om det. Eg synest stort sett at reportasjane om dårlege vegar har vore saklege. At nokon blandar saman millionar og milliardar kroner får vi oversjå. Utslitne eller skadde asfaltdekke er som å få hol i ei tann. Dersom vi ikkje hindrar hol, og endå verre dersom vi ikkje tettar hola, blir det ekstra skader og ekstra kostbart å utbetre skadene. Etter å ha kjørt nokre tusen kilometer i sommar, er eg flau over korleis mange av asfaltdekka ser ut og at oppmerkinga mange stader er dårleg. Eg kan forsikre om at det også er mykje både under og ved sidan av asfalten som også burde hatt eit betre vedlikehald. Dette har vi vist i Vegkapitalprosjektet som vi nyleg har gjennomført. Det er manglande utført vedlikehaldsarbeid (etterslep) på riksvegane som ville ha kosta 14 milliardar kroner. Tilsvarande beløp for fylkesvegane er 12 milliardar kroner. Teknisk sett burde vi gjeninnført lågare tillatt aksellast i teleløysingsperioden på ein del av vegnettet om våren. Men det ville ført til heilt uhaldbare forhold for transportnæringa og næringslivet. Men når vi dermed overbelastar vegnettet, fører det til ekstra slitasje, større behov for utbetring og dermed endå meir behov for midlar til vedlikehald. Vi er inne i ein vond sirkel som blir større og større.. Vi får for lite pengar til vedlikehald av vegane våre. Dette har vi sagt tenesteveg i mange år, og eg synest at det er vist forståing for synspunkta våre. Men i kampen om pengar til investeringar i nye vegar, trafikksikringstiltak, lovpålagte tiltak og ønskje om omfattande planleggjing, har vedlikehaldet tapt. Vi har heller ikkje fått nok kompensasjon for trafikkveksten. Det er blitt tyngre trafikk. Tunnelane som etterkvart har fått kostbart utstyr, krev meir vedlikehald enn det vi rekna med tidlegare. Sjølvsagt har vi i Vegvesenet også vore svært interessert i og dermed pådrivar for nyinvesteringar. Når eg no ser ser korleis vegnettet ser ut, må eg medgi at vi kanskje kunne sagt klarare ifrå om at vi burde prioritere vedlikehaldet høgare. La dette vere ei viktig erfaring i framtidig budsjettarbeid og langtidsplanlegging som arbeidet med Nasjonal transportplan. Det må setjast av nok pengar til vedlikehald av eksisterande vegar. Ved ombygging av eksisterande vegar vil vi også få tatt igjen noko av forfallet.