Aas-Jakobsen prosjekterer Ryfast

Statens vegvesen har tildelt Aas-Jakobsen AS oppdraget med å arbeide fram reguleringsplan og konsekvensutgreiing for E39/Rv 13 Stavanger-Solbakk.

Aas Jakobsen AS var ei av to konsulentgrupper som leverte tilbod på jobben. Statens vegvesen, Stavanger kommune og Rogaland fylkeskommune er i desse dagar i ferd med å sluttføre avtalen om planleggingsmidlar til Ryfastprosjektet. Planleggingskontrakt vert tilbydd Aas-Jakobsen med atterhald om at avtalen går i orden, skriver Statens vegvesen på sine nettsider. Bakgrunnen for planoppdraget er semje mellom Rogaland fylkeskommune, Stavanger kommune og Statens vegvesen om vidare planprosess for Ryfast. Det inneber at det såkalla D-alternativet / Schancheholen differensiert vert med vidare i planlegginga saman med det eksisterande A3-alternativet med dagsone på Skeie og B1-alternativet med dagsone på Buøy til Hundvåg. Dei tre alternativa medfører tre forskjellige trasear for Hundvågtunnelen, to alternative dagsoner med kryss på Hundvåg (Buøy og Skeie som før) og to alternativ når det gjeld dagsoner og kryss på E39 (Eiganes sør og Schancheholen). Eit av dei første punkta i planarbeidet er ei verifisering av Schancheholen-alternativet. Det inneber å undersøke om det finst andre og eventuelt betre variantar av hovudprinsippet som vart lagt fram i februar i år. Når det gjeld B1-alternativet, skal ein gjere spesielle vurderingar av geologi, geometri og trafikktryggleik, før det vert avgjort om alternativet skal takast med helt fram til formell reguleringsplan. Det kan også vere aktuelt å vurdere ein kombinasjon av D-alternativet med dagsone og kryss på Skeie. Solbakk og ventilasjonssjakter Reguleringsplan for dagsone og kryss ved Solbakk i Strand og reguleringsplan for ventilasjonssjakter er ikkje påverka av nytt Schancheholen-alternativ og inngår ikkje i det konsulentoppdraget som no er tilbydd Aas Jakobsen. Dette arbeidet vert vidareført som planlagt. Framdrift Statens vegvesen forventar at formell oppstart av reguleringsplan og utlegging av planprogram til offentleg ettersyn vert i november 2006. Målet er å ha forslag til reguleringsplanar for heile Ryfast-prosjektet klart hausten 2007 og at planane kan vedtakast i løpet av våren 2008. Revidert førebels finansieringsplan skal leggast fram før reguleringsplanane vert vedtatt. Planleggingsleiar for RyfastStatens vegvesen har lyst ut oppdrag som planleggingsleiar for Ryfast frå 1. september i år. Tilbodsfristen er 21. juni i år. Fristen for å melde interesse for oppdraget gjekk ut 6. juni, og det er fleire som har meldt si interesse. Statens vegvesen forventar å ha avklara kven som får oppdraget i løpet av august. Det er inngått avtale med Plan og Prosjekt Partner AS v/Bjørn Åmdal om å fungere som planleggingsleiar fram til 1. september