Presisering om Lysaker stasjon

Nylege medieoppslag om Lysaker stasjon skaper trong for ei presisering frå mi side. Av Liv Signe Navarsete

Nye Lysaker stasjon blir liggjande i kurve og får difor større avstand mellom tog og perrong enn stasjonar på rett line. Samferdselsdepartementet vurderte moglegheitene for å endre planane for ombygging av Lysaker stasjon hausten 2005. Med bakgrunn i prinsippa om universell utforming og eit mål om at transportsystemet skal vere tilgjengeleg for alle, var det sjølvsagt ei særs vanskeleg sak eg fekk på mitt bord, seier samferdselsminister Liv Signe Navarsete i ein kommentar. Etter ei grundig vurdering av ulike alternativ - og etter samråd med Jernbaneverket og Statens jernbanetilsyn - beslutta departementet å be Jernbaneverket arbeide vidare innafor vedtekne reguleringsplanar. Hovudgrunnen til at departementet ikkje tilrådde flytting av stasjonen var at dette ville føre til ei kostnadsauke i hundremillionarsklassa, og forsinke ferdigstillinga av stasjonen med opptil fleire år - med dei konsekvensane det ville ha fått for trafikkflyten i vestkorridoren. Spørsmålet om bevaring av steinkvelvsbrua over Lysaker var ikkje noko sentralt moment i departementet sine vurderingar. I brev av 21. desember 2005 oppsummerar departementet sine vurderingar og føringar til Jernbaneverket om det vidare arbeidet med nye Lysaker stasjon. I samsvar med krav frå Statens jernbanetilsyn har Jernbaneverket forplikta seg til at maksimal usikra avstand mellom tog og plattformkant ikkje skal overstige 25 cm. Jernbaneverket vart òg bedt om å greie ut effektive og målretta tiltak på stasjonen for å leggje til rette for at alle reisande skal kunne nytte stasjonen, inkludert dei som har særskilte behov. På bakgrunn av dei grundige vurderingane meiner eg det ikkje er aktuelt å stoppe arbeidet no, men som politisk ansvarlig vil eg følgje nøye med på arbeidet ved Lysaker stasjon seier samferdselsministeren.