Søknad om patent via Altinn

Frå 11. juli kan næringslivet og privatpersonar sende inn elektronisk søknad om patent til Patentstyret.

I Altinn finn du lett tilgjengeleg søknadsskjema for patent (samt søknad om varemerkevern og skjema for å sende inn korrespondanse). Desse kan du på ein enkel og sikker måte levere inn elektronisk til Patentstyret. Fleire skjema blir gjort tilgjengelege i juli og tidleg haust.