Nytt hovudstyre i Husbanken

16. juni blei det i kongeleg resolusjon utnemnt nytt styre i Husbanken. Utnemninga gjeld for fire år, og nytt hovudstyre vil allereie vere på plass 1. juli 2006.

- Eg er svært nøgd med samansetjinga i det nye styret. Styret har ei balansert geografisk spreiing med særs kompetente personar, seier kommunal- og regionalminister Åslaug Haga. - Ikkje minst er det viktig at Husbanken, som ein sentral velferdsetat, har eit styre som kan følgje opp dei store samfunnsoppgåvene som høyrer til Husbanken. Det er òg viktig for regjeringa at styra har god kjønnsfordeling, og dette er vel ivaretatt og i samsvar med reglane i likestillingslova, seier Haga. Styret blir leia av Kristian Wibe. Han har vore ordførar i Steinkjer kommune og leia bustadutvalet som gav si innstilling Om boligmarkedene og boligpolitikken i 2002. Dei nye medlemmene i hovudstyret frå 1. juli 2006 til 30. juni 2010 er: Kristian Wibe, Steinkjer, leiar (ny) Barbro Lill Hætta, Harstad, nestleiar Heming Olaussen, Re Liv Røssland, Bergen (ny) Ingjerd Schou, Spydeberg (ny) Hovudstyret Kristian Wibe (Sp) var leiar for bustadutvalet som leverte NOU 2002:2 Om boligmarkedene og boligpolitikken. Han har i perioden 2002 til 2006 vore leiar for Husbanken sitt regionstyre i Trondheim. For tida er Wibe husdyragronom hos Fylkesmannen i Nord-Trøndelag. Han har tidlegare vore ordførar i Steinkjer kommune. Barbro Lill Hætta (A) har sete som medlem i hovudstyret i to periodar. Ho arbeider som lege ved Harstad sjukehus, og har vore politisk rådgivar for tidlegare kommunalminister Kjell Opseth, med ansvar for bustadpolitikk. Heming Olaussen (SV) er leiar i Nei til EU, og har vore medlem i hovudstyret i perioden 2002 til 2006, samt tidlegare sete i styret for Husbanken sitt regionstyre Sør. Liv Røssland (FrP) er kommunalråd i Bergen. Ho har sete som varamedlem i hovudstyret i perioden 2002 til 2006. Ingjerd Schou (H) er tidligare sosialminister i Bondevik II regjeringa. No er ho prosjektdirektør på eigaravdelinga i Helse Aust. Varamedlemmer Eva Margrethe Lian (Sp) er direktør i KS Utdanning. Ho har vore statssekretær for tidlegare kommunalminister Ragnhild Queset Haarstad, med ansvar for bustadpolitikk. Elisabeth Nilsen (AP) nestgruppeleiar i Telemark fylkesting. Line Gaare Paulsen (SV) sit i SV si stortingsgruppe. Kristian Dahlberg Hauge (FrP) er kommunalråd i Trondheim. Øyvind Hilmarsen (H) er leiar av Tromsø Høgre.