Innvikla regelverk for lastebilsjåførar

Så lenge ein lastebilsjåfør er under 21 år og ikkje har fagbrev innan transportfag kan han ikkje tippe grus frå lastebil på ein veg som er under byggjing. Men grusing på ein godkjent veg kan han drive med, skriv Gudbrandsdølen Dagningen.

Maskinentreprenør Thorleif Fjeld stussa og forstod lite da han som arbeidsgjevar skulle setje seg inn i regelverket for kva tilsett Trygve Enersvold har lov til og ikkje lov til som maskin- og lastebilsjåfør. Ifylgje regelverket kan Enersvold drive vegvedlikehald som grusing og brøyting. Men å tippe eit lass grus i ei tomt har han ikkje lov til. Heller ikkje grusing av veg som ikkje er teke i bruk. Jamnaldringar som har fagbrev innan transportfag er det derimot fritt fram for. Når Enersvold er 21 år er han jamnstilt med dei andre. Da Fjeld skulle setje seg inn i regelverket fekk han tilsendt fleire tettskrevne sider med eit krimskrams av reglar som sjølv ekspertar har problem med å forstå. - Eg fekk inntrykk av at ikkje på langt nær alle er like godt kjend med dette. Det er synd på dei som skal handheve eit slikt regelverk. Det råkar spesielt oss som driv variert køyring med tilsette under 21 år. Men vi må berre innordne oss etter det, sjølv om det er vanskeleg å forstå forskjellen på det som er lovleg og ikkje. Brøyting for eksempel, er noko av det farlegaste ein kan drive med som lastebilsjåfør. Det har også dei under 21 år utan fagbrev innan transportfag lov til, så sant dei har førarkort for lastebil, seier Fjeld. Han vil på ingen måte gamle med det pussige regelverket. - Det er så krøklete at ein eigentleg bør ha med seg lista over det ein har lov til eller ikkje på jobb. Det er ikkje sikkert nokon vil påpeike noko ved vanleg kontroll så lenge det ikkje skjer uhell. Men er ulykka ute er det vi som arbeidsgjevarar som blir sitjande i baret. Det er naturlegvis min plikt som arbeidsgjevar å setje meg inn i regelverket og gjera tilsette merksame på det, seier Fjeld. Gunnar Rydland, førerprøvesensor i Statens vegvesen forstår at det kan vera vanskeleg å forstå regelverket. - I det konkrete tilfellet som her bli nemt så stemmer det at ein under 21 år utan fagbrev innan transportfag fritt kan drive med vedlikehald av vegar, men ikkje nybygg av veg med lastebil. Dette er regulert i forhold til køyre- og kviletidsbestemmelsane, seier Rydland. - Det kan verke pussig at det er slik? - Vi kan sjølvsagt ikkje noko for at det er slik. Men vi ser at det kan slå tilfeldig ut. Dette blir styrt frå EU. Om det kan vera vanskeleg å forstå for arbeidsgjevaren så er det verst for den som skal handheve regelverket. Men slik er det og da har korkje vi eller andre anna enn å innrette oss etter det, seier Rydland.