Rådgjevande ingeniørar Byggeteknikk

Multiconsult er et norsk kraftsenter med internasjonalt nedslagsfelt innen prosjektering og rådgivning. Gjennom flere kontorer i Norge og internasjonalt benytter vi 100 års erfaring til å skape ny historie. For oss handler mulig gjøring om erfaring, rett kompetanse og riktig kompetansesammensetning blant våre nærmere 3000 medarbeidere.

Multiconsult er notert på Oslo Børs og opererer innenfor følgende syv forretningsområder: Bygg & Eiendom, Industri, Olje & Gass, Samferdsel, Fornybar Energi, Vann & Miljø og By & Samfunn.

FirmaMulticonsult
FylkeVestland
StedStord
Søknadsfrist06.06.2021

Multiconsult Norge AS avdeling Stord er i vekst, og me ønskjer å styrke vår kompetanse og kapasitet innan fagområdet struktur/byggeteknikk. Me ser difor etter ingeniørar med kompetanse knytta til berekning og/eller teikning, fortrinnsvis med utdanning på bachelor- eller masternivå. Det er ein fordel om du er etablert i Sunnhordland.

Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit veldrive kompetansenettverk med samkøyrte fagområde som er i front på alt frå digitale arbeidsprosessar til prosjektgjennomføring.

Multiconsult har i fleire undersøkingar vist seg å vere ein av dei mest attraktive arbeidsgjevarar i bransjen, både blant studentar og erfarne. Er du nysgjerrig på kvifor?

ARBEIDSKVARDAGEN I EIN AV DEI MEST ATTRAKTIVE RÅDGJEVARBEDRIFTENE I NOREG

I rolla som byggingeniør vil du kunne ta del i store, komplekse og tverrfaglege prosjekt.

Landbasert oppdrett er ei næring i sterk vekst nasjonalt og internasjonalt. Multiconsult på Stord har lang erfaring og spisskompetanse retta mot landbasert akvakultur. Me jobbar med fleire store oppdrag og har behov for å styrke kapasiteten innan bygg- og konstruksjonsteknikk. Akvakultur-porteføljen vår består av oppdrag i heile Noreg, men også i aukande grad av spennande internasjonale oppdrag.

Hos oss vil du få ei viktig rolle i å vidareutvikle vårt konstruksjonsmiljø. Vidare ønskjer me å leggje til rette for at du får ein arbeidskvardag med utviklande og interessante arbeidsoppgåver som bidreg til fagleg og personleg utvikling.

Dine arbeidsoppgåver vil hovudsakleg vere knytt til prosjektering og rådgjeving for våre offentlege og private kundar. Me er på jakt etter personar som har kompetanse innan betong og/eller stålkonstruksjonar.

Typiske arbeidsoppgåver vil vere:

  • Utarbeiding av arbeidsteikningar
  • Berekningar av betong- og stålkonstruksjonar
  • Oppfølging av våre dyktige samarbeidspartnarar og kundar
  • Tverrfagleg koordinering mot eksterne og interne arkitekt- og rådgjevarmiljø
  • Deling og kompetanseutvikling gjennom vårt tverrfaglege rådgjevarmiljø

BLI EIN DEL AV MOGLEGGJERINGSKULTUREN I MULTICONSULT

Mogleggjeringskulturen i Multiconsult handlar om erfaring, rett kompetanse og rett kompetansesamansetjing. Kanskje er det akkurat deg me treng på laget?

Er du ein person med gode samarbeidseigenskapar som likar å jobbe i tverrfagleg team? Har du eit brennande fagleg engasjement, samt interesse og forståing for andre involverte fagområde? Da kan det vere akkurat deg me leiter etter.

KVA MEIR KAN ME TILBY DEG?

  • Spennande og langsiktige karrieremoglegheiter
  • Ein god balanse mellom arbeid og fritid
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø. Me meiner at godt samhald og trivsel på arbeidsplassen er vegen til effektive og motiverte medarbeidarar. Difor tilbyr me mellom anna bedriftsidrettslag med varierte tilbod, ulike sosiale arrangement og avdelingsturar.
  • Lyse og trivelege arbeidslokale med felles kantine saman med dei andre føretaka i Kunnskapshuset
  • Godt utstyrt treningsrom
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar, samt aksjespareprogram
  • Fem vekers ferie, fri i romjula og i påskeveka, samt fleksibel arbeidstid
  • Firmahytter rundt om i landet

LITT MEIR OM OSS

Multiconsult avdeling Stord er det største rådgjevarmiljøet mellom Bergen og Stavanger. Me tilbyr rådgjevartenester til privat og offentleg sektor, med hovudtyngde innan industri og bygg- og eigedom. Me er om lag 40 medarbeidarar på Stord, som arbeider innan fleire ulike fagområde.

Er du den rette for jobben? Ikkje nøl med å sende inn ein søknad, me handsamar søknader fortløpande, og gler oss til å høyre frå deg!

For ytterlegare informasjon om stillinga, kontakt:

Steinar Kjerpeseth, seksjonsleiar bygg og industri, avdeling Stord, tlf 99 24 37 90. Erlend Kent, avdelingsleiar Stord, 980 70 992.

Søk stilling

Vis flere stillinger: