Snorklipp ved Davik og statssekretær Anders Tyvand. Foto: Kjell Wold/Statens vegvesenParti av den nye vegen retning Seljord. Foto Kjell Wold/Statens vegvesenKjell Inge Davik og Tom Hedalen på vegopninga i Seljord. Foto: Kjell Wold/Statens vegvesenDel av dei ekstra 700 meter med rv 36 som vart bygd. Foto: Kjell Wold/Statens vegvesenStatens vegvesen sin prosjektorganisasjon på ny rv 36 Bø Seljord. Foto: Kjell Wold/Statens vegvesen

Opna ny strekning av riksveg 36 Bø-Seljord

Utbyggingsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen hadde regi og statssekretær Anders Tyvand klipte snora på den nye strekninga.

Fredag ettermiddag blei utbetringsstrekka på rv. 36 mellom Bø og Seljord opna. Hendinga fann stad ved nye Sjøormen rasteplass ved Stodi mellom Bø og Seljord.

- Prosjektet vart billegare og utbetringa er gjennomført på ei lengre strekke enn planlagt, skriv Statens vegvesen på sine nettsider.

I tillegg slepp og bilistane unna med lågare bomtakstar. Lette køyretøy skal betale 22 kroner per passering i staden for 32, mens tunge køyretøy skal betale 66 kroner i staden for 96 kroner

Under stenginga denne vinteren har ein og utbetra 700 meter ekstra av vegen, slik at det i starten av mai vert opna heile 3,7 kilometer ny rv. 36 mellom Bø og Seljord.

Sidan 2019 har den trafikkfarlege vegen blitt utbetra med utretting av svingar, betring av sikt og ein kraftig standardheving av vegen. Først på strekninga Stodistrekninga, no seinast på Buktistrekninga.

- Hovden Hytteservice AS har og gjort jobben både raskare og billegare enn forutsett. Vegen opnar om lag eit år tidlegare enn opphaveleg planlagt og til en kostnad om lag 30 prosent under budsjett, melder Vegvesenet.

Utbyggingsdirektør i Statens vegvesen, Kjell Inge Davik, leia arrangementet, medan statssekretær Anders Tyvand i Samferdselsdepartementet klipte snora.

På opningsmarkeringa på den nye Sjøormen rasteplass på Stodi deltok og Seljord-ordfører Beate Marie Dahl Eide og prosjektleiar i Statens vegvesen, Tom Hedalen. Kjetil Flatland stod for dei kulturelle innslaga.

Prosjektet har og gode HMS-tal: H1 og H2 verdiar på 0 og 0 skader med fråvær.