Vågstunnelen på riksveg 13 i Indre Ryfylke skal vedlikehaldast. Foto: Statens vegvesen

Desse vil vedlikehalde sju tunnelar på E16 og riksveg 13

Sju selskap vil vedlikehalde fire tunnelar i Rogaland og tre i gamle Hordaland.

– Vi er godt nøgde med deltakinga i konkurransen. Det er store og seriøse tilbydarar som er interesserte i dette oppdraget. No skal vi kvalitetssikra og kontrollrekna tilboda, og tek sikte på å underteikna kontrakt med den nye entreprenøren før sommarferien, seier prosjektleiar Frode Lykkebø i Statens vegvesen til vegvesen.no.

Desse fire vil gjere jobben (alle tilboda er eksklusive meirverdiavgift):
AG Tunnel AS - 24.501.240,00
BMO Tunnelsikring AS - 27.558.550,00
Mesta AS - 29.603.141,65
NCC Norge AS - 31.420.441,00
Hylland AS - 33.421.380,00

Vedlikehaldsarbeida startar kort tid etter signering, og skal vera ferdige innan året er omme.

- Den konkrete jobben det er snakk om i dette tilhøvet, er berre ein liten del av det totale, omfattande og viktige arbeidet vi gjer med våre tunnelar for å sikra trafikktryggleiken og framkomelegheita for dei reisande, melder Vegvesenet.