Firma | Norconsult |
Fylke | Vestland |
Sted | Førde |
Søknadsfrist | 31.05.2021 |
Norconsult Sogn og Fjordane har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.
Norconsult sitt miljø innan elektroteknikk utgjer i dag omlag 300 Sivilingeniørar og ingeniørar i Noreg.
Hos oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.
Vi søkjer etter dyktig sivilingeniør eller ingeniør med minst 3-5 års relevant erfaring innan VVS-faget frå rådgjevar- eller entreprenørbransje.
Medarbeidarane våre innan VVS, inneklima og kuldeteknikk utgjer det leiande fagmiljøet i regionen. Vi ønskjer primært tilsetting ved Førde-kontoret vårt, men andre kontorstadar i Sogn og Fjordane kan vurderast.
Vi søkjer deg som er interessert i å vere med å byggje opp eit VVS-miljø i vekst, med spennande arbeidsoppgåver på mindre og større prosjekt. Prosjektet Nye Førde Sjukehus er eit av prosjekta som vi i tida framover treng dyktige medarbeidarar til. Stillinga vil by på store moglegheiter for fagleg og personleg utvikling i eit sterkt kompetanse miljø.
Vi ønskjer primært tilsetting i Førde, men andre kontorstadar kan vere aktuelle.
Er du vår nye medarbeidar?
Dine arbeidsoppgåver vil vere:
- Tidlegfaserådgjeving, prosjektering og oppfølging av VVS-tekniske anlegg i små og store oppdrag primært innan bygg og eigedom- og industrimarknaden
- Energi og klimavurderingar
- Berekningar, analysar, funksjonsbeskrivelsar
- Utarbeide anbodsdokument, spesifikasjonar og kostnadsoverslag
- Oppdrags- og prosjektleiing
- Oppfølging på byggeplass
- Tverrfagleg koordinering
- Bruk av DAK/BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
- Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid
For oss er det viktig at du:
Har eit fagleg engasjement
Er kreativ, løysingsorientert og ønskjer fagleg utvikling
Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
Er fleksibel og ansvarsbevisst
Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
Har erfaring med 3D-modellering og BIM
Hos oss får du:
- Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
- Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
- Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
- Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
- Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
- Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Fleksibel arbeidstid
- Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv.
Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.
Kontaktperson
Lars-Idar Vegsund
Avdelingsleder Kontor
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Norconsult, Førde
- Fylke Vestland