Frå signeringa. Foto: Statens vegvesen

ACO signerte kontrakt om E39 Ørskogfjellet

Statens vegvesen og ACO Anlegg AS signerte tysdag kontrakt om bygging av forbikøyringsfelt på E39 Ørskogfjellet i Møre og Romsdal.

Kontrakten har ein verdi på 92,5 millionar kroner uten merverdiavgift, skriver Vegvesenet i ei melding.

- Det er gledeleg at ein lokal entreprenør rakk til topps i konkurransen. No er det om å gjere å få til god trafikkavvikling i anleggstida, sørge for tydeleg arbeidsvarsling og passe på tryggleiken ved sprengningsarbeid, sa divisjonsdirektør Kjell Inge Davik i Statens vegvesen Utbygging under signeringa.

Grunna korona føregjekk sjølve signeringa med Bank Id på nett, og seremonien rundt skjedde som videomøte på Teams.

- Denne kontrakten betyr svært mykje for oss, og det er ein av dei største enkeltkontraktane som ACO Anlegg har hatt. På førehand var me veldig innstilte på at denne kontrakten skulle me ha, då prosjektet ligg rett i vårt nærområde. No er me veldig glade, og me har eit godt lag med underentreprenørar med oss i prosjektet, sa dagleg leiar Tarjei Rødset i ACO Anlegg AS.

Forbikøyringsfeltet på Ørskogfjellet skal stå ferdig sommaren 2022, og feltet vil få ei lengde på 1,8 kilometer. Med tilpassing inn mot dagens veg i begge endar blir den samla strekninga som skal utbetrast på cirka 2,8 kilometer.

Byggetida er berekna til om lag 15 månader.