Kommunikasjonsrådgivar digitale medium

Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gjev råd til staten i bygge- og eigedomssaker. Dei 870 engasjerte og dyktige medarbeidarane våre bygger og driftar bygg med meining i heile Noreg og i over femti andre land.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her

Etter søknadsfristen har gått ut, vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Søkjarar kan bli oppførte på søkjarlista sjølv om vedkomande har bede om konfidensiell hansaming.

FirmaStatsbygg
FylkeOslo
Søknadsfrist20.04.2021

Vi søker ein allsidig og dyktig kommunikasjonsrådgivar med god kompetanse innanfor digitale medium.
Stillinga er ein del av teamet hos Statsbygg for bodskapsformidling. Arbeidsoppgåvene vil hovudsakleg vere bodskapsformidling på sosiale medium, statsbygg.no og på intranett. Du er ein flink historieforteljar med eit godt visuelt blikk, har journalistisk teft og kunnskap om film og bilde på digitale flater.

Arbeidsoppgåver

  • kommunisere i digitale kanalar med relevante bodskapar og visuelle uttrykk
  • kanalval
  • analysering av brukarmønster og relevante målgrupper, effekt og måloppnåing
  • annonsering og bodskapstesting
  • journalistikk, historieforteljing, film og foto på digitale flater

Kvalifikasjonar

  • høgare utdanning på masternivå innanfor kommunikasjon eller journalistikk
  • kompetanse og arbeidserfaring innanfor formidling på digitale flater: brukarmønster og målgruppeanalyse, påverknad og måloppnåing, kanalval, strategisk kommunikasjon i digitale flater, forståing for algoritmar og teknisk funksjonalitet, kunnskap om annonsering og bodskapstesting
  • kjennskap til Google Analytics og Facebook Business Manager
  • journalistisk teft: finne nyheitssaker og evne til å «sjå» ei god historie
  • kunnskap om bruk av film og foto på digitale flater
  • kunne formidle komplisert stoff på ein enkel måte svært god skriftleg og munnleg framstillingsevne. evne til å tilpasse formuleringar til vald flate og målgruppe

Personlege egenskapar

  • må kunne jobbe sjølvstendig og hente inn informasjon på eiga hand
  • vere resultatorientert
  • ha stor arbeidskapasitet
  • ha gode samarbeidsevner og være sosial

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver for ein av dei mest profesjonelle byggherrane i Noreg
  • Hyggeleg arbeidsmiljø med tverrfagleg samarbeid internt og eksternt
  • eit engasjert fagmiljø
  • Faglege og personlege utviklingsmoglegheiter
  • Fleksitid, støtteordningar for trening og eige bedriftsidrettslag
  • Stillinga blir løna etter kvalifikasjonar frå kr 520.000,- til 700.000,-. Løn er avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan ein vurdere høgare løn. Av løna blir det trekt 2 % innskot til Statens Pensjonskasse.
    Gjennom Statens pensjonskasse får du ei god pensjons- og forsikringsordning, samt tilbod om
    bustadslån til gunstig rente.

Kontaktinformasjon

Hege Njaa Aschim

kommunikasjonsdirektør

913 70 172

Søk stilling

Vis flere stillinger: