Norconsult Sogn og Fjordane søkjer erfaren landskapsarkitekt

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4400 tilsette som er stasjonert på 113 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

FirmaNorconsult
FylkeVestland
StedFørde, Sandane, Sogndal, Årdalstangen
Søknadsfrist01.02.2021

Vil du bli ein del av eit sterkt fagmiljø innanfor arkitektur og design? Norconsult har på kort tid vorte eit av dei største arkitektmiljøa i landet med over 400 arkitektar. Vi har stor tru på at estetiske verdiar, berekraft, varigheit, funksjonalitet og design er nøkkelord for framtida.

Landskapsgruppa vår på nærare 100 medarbeidarar er spreidde over heile landet. Vi har også eit tett samarbeid med landskapsgruppa i Sverige.

Norconsult Sogn og Fjordane har 3 dyktige landskapsarkitektar, og kontoret ønskjer å styrke landskapsmiljøet ytterlegare. Vi har kontor i Førde, Sogndal, Årdal, Sandane og på Nordfjordeid med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Innanfor landskapsarkitektur har vi store og små oppdrag for både offentlege og private byggherrar. Vi arbeider i alle fasar i prosjekt – frå tidleg planleggingsfase til detaljprosjektering og oppfølging i byggje- og anleggsfasen. Hovudtyngda ligg innanfor prosjektering av utomhusområde for helserelaterte bygg, undervisningsbygg og barnehagar, bustader, by- og tettstadsutvikling og samferdsel. Vi jobbar også med store landskapsinngrep i samband med t.d. kraftutbygging.

Vi søkjer etter motivert og dyktig landskapsarkitekt med minst 5 – 10 års erfaring, gjerne frå rådgjevarbransjen.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Planlegging og prosjektering av alle typar landskapsprosjekt, frå store offentlege anlegg til mindre private anlegg i alle fasar av eit oppdrag
  • Mogelegheitstudiar og konseptutvikling
  • Landskapsanalysar, konsekvensutgreiingar tema landskap og bistand inn mot kommune- og detaljreguleringsplanar
  • Utarbeiding av formingsrettleiarar
  • Illustrasjonsplanar t.d. til reguleringsplanar
  • Detaljprosjektering av ulike typar anlegg
  • Utarbeiding av konkurransegrunnlag og kostnadsoverslag
  • Bruk av BIM-verktøy, visualiserings- og innsynsmodellar
  • Tverrfagleg koordinering
  • Oppdragsleiing i einfaglege og tverrfaglege oppdrag
  • Oppfølging på byggeplass
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Er utdanna landskapsarkitekt på masternivå
  • Set fokus på landskapsarkitektur i alle miljø
  • Har gode formgjevings- og visuelle framstillingsevner
  • Har eit fagleg engasjement og er kreativ og løysingsorientert
  • Har erfaring med overordna planlegging, konseptutvikling, mogelegheitstudiar, landskapsanalysar med sikte på innspel i arealplanprosessar
  • Har god erfaring med 3D-modellering, visualisering og BIM
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Innsendelse av søknad:

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Send søknad

Kontaktperson

Tone Myklebust Kvåle

Kontorleiar

Tlf. +47 95 80 75 09 Send e-post