Prosjektleiar innreiing

Forsvarsbygg er eit statleg forvaltingsorgan underlagt Forsvarsdepartementet. Vi utviklar, bygger, driftar og avhendar eigedom for forsvarssektoren. I tillegg tilbyr vi ekspertkompetanse til andre delar av offentleg sektor innanfor sikring av bygg, kulturminnevern og avhending. Eigedomsporteføljen vi forvaltar inneheld mange av dei mest særeigne og krevande bygga i landet: frå dei 15 festningane som er tilgjengelege for alle, til militærleirar, skyte- og øvingsfelt og flystasjonar for Forsvaret. Vi har hovudkontor i Oslo med lokasjonar over heile landet, mellom anna Hamar, Harstad, Bergen, Stavanger, Bardufoss og Trondheim.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønsker medarbeidarar med ulik kompetanse, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til enda betre oppgåveløysing. Vi vil legge til rette for medarbeidarar som har behov for det. Vi kan for eksempel legge til rette med tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar og arbeidsoppgåver.

FirmaForsvarsbygg
FylkeNordland, Innlandet, Vestland, Trøndelag, Troms og Finnmark
StedBergen, Hamar, Værnes, Evenes eller Bardufoss
Søknadsfrist12.01.2021

Vi søker no, til ein eineståande moglegheit, etter Prosjektleiar for innreiing til spennande og varierte prosjekt. Prosjektleiar for innreiing blir underlagt den enkelte prosjektleiar for kvart byggeprosjekt, men vil ha sjølvstendig ansvar for å leie planlegginga og gjennomføringa av innreiingsdelen. Du vil få ansvar for koordinering av grensesnitt mellom innreiing/utstyr og dei tekniske installasjonane i byggeprosjekta.

Forsvarsbygg avdeling prosjekt og utvikling leverer eigedom bygg og anlegg til Forsvarssektoren i heile landet. Investeringane er til ei kvar tid fordelt på ca. 100 forskjellige prosjekt. Du vil kunne få prosjekt i alle fasar, frå planlegging til ferdig overlevert bygg/anlegg til Forsvaret slik at desse er komplett med innreiing/utstyr/IKT. Eksempel på relevante område for innreiingsprosjekt kan vere kontorbygg, tunge verkstad, storkjøkken, militærspesifikke anlegg og treningsanlegg i skyte- og øvingsfelt.

Arbeidsstad vil vere Oslo, Hamar, Bergen, Værnes eller Setertun. Dei første åra vil prosjekta dine vere i samband med utbygginga på Evenes. Du vil også få prosjekt på andre lokasjonar der Forsvarsbygg har utbyggingsverksemd. Ein del reiseverksemd må derfor påreknast.

Prosjekta vil vere av betydeleg kompleksitet og størrelse. God samhandling med andre involverte vil vere avgjerande for å lykkast i rolla.

Stillinga rapporterer til prosjektsjef.

Forsvarsbygg ligg under vilkåra i offentleglova – jamfør særleg offentleglova § 25.

Les meir om Forsvarsbygg på www.forsvarsbygg.no og på vår karriereside www.forsvarsbygg.no/jobb

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføring, organisering, leiing og styring av prosjekt
  • Ta hand om nødvendig kunde- og brukarkontakt i prosjekta
  • Ansvar for at SHA-arbeidet blir tatt vare på i prosjekta
  • Sikre kunnskaps- og erfaringsoverføring mellom tidlegfase og gjennomføringsfase
  • Ansvar for at alle anskaffingar til prosjekta blir gjennomført i tråd med gjeldande regelverk
  • Utøve god metodisk prosessleiing i samsvar med prosjektgjennomføringsmodell
  • Resultatansvar i eigne prosjekt

Kvalifikasjonar

  • Relevant utdanning på bachelornivå. Lang relevant arbeidserfaring innan faget kan i spesielle tilfelle kompensere for manglande formell utdanning
  • Erfaring frå og god kjennskap til bygg, anlegg og eigedom
  • Relevant prosjekterfaring med prosjektleiing og eller anna prosessleiing
  • Innreiingserfaring og helst erfaring med anskaffingar av materiell til eigedom, bygg og anlegg
  • Det er ønskeleg med kompetanse knytt til IT, systemforståing og teknisk nettverk
  • God munnleg og skriftleg framstillingsevne på norsk og engelsk
  • Førarkort klasse B
  • Må kunne tryggingsklarerast til Hemmeleg/NATO Secret

Personlege eigenskapar

  • Du har gode samarbeids- og kommunikasjonseigenskapar
  • Du er planmessig, strukturert og nøyaktig
  • Du er sjølvstendig og robust
  • Du har gode analytiske evner
  • Du er resultatorientert og har god gjennomføringsevne

Vi tilbyr

  • Lønn som prosjektleiar (kode 1113) frå kr 630 500,- til kr 708 000,- (ltr. 69 - 75). Endeleg lønnsplassering vil bli gjort etter ei vurdering av kvalifikasjonar
  • Interessante og utfordrande arbeidsoppgåver i eit levande og hektisk miljø
  • Medlemskap i Statens pensjonskasse, med moglegheit for lån og gode forsikrings- og pensjonsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Bedriftshelseteneste

Kontaktinformasjon

Jørn Paal Myrlund

Prosjektsjef

909 23 370

Søk stilling