Controller - vikariat

Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gjev råd til staten i bygge- og eigedomssaker. Dei 870 engasjerte og dyktige medarbeidarane våre bygger og driftar bygg med meining i heile Noreg og i over femti andre land.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her .

Etter søknadsfristen har gått ut, vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Søkjarar kan bli oppførte på søkjarlista sjølv om vedkomande har bede om konfidensiell hansaming.

FirmaStatsbygg
FylkeVestland
StedBergen
Søknadsfrist04.01.2021

Vi søkjer etter ein fagleg dyktig controller til kontoret vårt i Bergen. Du vil få ansvar for økonomistyring, budsjettarbeid og rapportering av drift og vedlikehald for område vest. Du vil òg delta i faggrupper og prosessarbeid i seksjonen. Stillinga høyrer til seksjon stab i Avdeling for drift og vedlikehald, og inngår i ei gruppe med andre controllerar og økonomirådgjevarar lokaliserte på fleire område. Stillinga er eit vikariat på eitt år, med ønskt oppstart 1. mars 2021.

Arbeidsoppgåver

  • Planprosess og budsjettering
  • Resultatoppfølging, avsetning og prognosar
  • Løpande økonomistyring
  • Analysar og økonomisk rådgjeving
  • Internkontroll og kvalitetssikring
  • Vere til hjelp med utarbeiding og rapportering av verksemdsplan
  • Delta i prosjekt og faggrupper, medrekna utvikling av rutinar og arbeidsprosessar
  • Andre oppgåver kan bli lagt til stillinga

Kvalifikasjonar

  • Høgare utdanning innanfor økonomi på masternivå
  • Fordel med god kompetanse innanfor økonomistyring (budsjett og rapportering)
  • Ønskjeleg med 1-3 års erfaring frå tilsvarende rolle, men nyutdanna vil kunne bli vurdert
  • Fordel med kjennskap innanfor statleg verksemd
  • Kompetanse og interesse innanfor økonomisystem og Excel

Personlege eigenskapar

  • Gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Fleksibel, effektiv og leveringsorientert
  • Kvalitetsbevisst og løysingsorientert
  • Analytisk

Vi tilbyr

  • Spennande oppgåver i tverrfagleg miljø
  • Gode moglegheiter for fagleg og personleg utvikling
  • Gode pensjons- og forsikringsordningar
  • Fleksibel arbeidstid
  • Stillinga blir løna etter statens lønsregulativ i kode 1434 rådgjever/1364 seniorrådgjevar fra kr 500 000,- til kr 670 000,- avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte kandidatar kan ein vurdere høgare lønn.

Kontaktinformasjon

Monica Strand Parmann

avdelingsdirektør

934 57 173

Søk stilling

Vis flere stillinger: