Seksjonssjef - Prosjekt

Universitetet i Bergen er med sine 16 400 studentar og vel 3 600 tilsette eit mellomstort europeisk universitet. Sentrale delar av campus ligg i sentrum av byen. Universitetet i Bergen er både ein lærestad og ein forskingsinstitusjon som dekker dei fleste fagområde, organisert i sju fakultet og rundt 40 institutt og faglege senter. Universitetet i Bergen er òg ein del av eit globalt nettverk av studentar, forskarar og kunnskapsinstitusjonar.

FirmaUniversitetet i Bergen
FylkeVestland
StedBergen
Søknadsfrist14.12.2020

Morgondagens leiar som vil forvalta og utvikla ein av landets mest spennande eigendomsporteføljer

Eigedomsavdelinga har ansvar for forvaltning, drift og vedlikehald og utvikling av universitetet sin samla bygningsmasse, som omfattar rundt 95 bygningar med i alt 390.000 m2, inkl. innleige av 102.000 m2. Avdelinga har om lag 100 tilsette og er organisert i seksjonane Drift, Prosjekt, Fagstøtte og Stab, Større satsinger. Avdelinga forvaltar eit årlig budsjett på omlag 700 mill. utanom større satsingar Bygningsmassen er hovudsakleg lokalisert til Nygårdshøyden og Årstad/Haukeland og varierer frå verneverdige bygningar og kontoriserte bygardar, til moderne undervisningsbygg og avanserte laboratoriebygg.

Seksjon Prosjekt har det administrative ansvaret for gjennomføring av nybygg, ombyggingar, rehabilitering og vedlikehaldsprosjekt.

Arbeidsoppgåver

  • Administrativ og fagleg leiing av prosjektseksjonen som i dag består av 20 tilsette innan prosjektleiing, interiørrådgjeving og brukar- og arealkoordinering
  • Være ein pådrivar for å vidareutvikla seksjonen innan miljø, digitalisering og effektiviseringsarbeid i byggeprosjekt og eigedomsavdelinga
  • Være ein fagleg sparringspartnar og rådgjevar for dei tilsette
  • Sørge for høg service mot kundane
  • Oppretthalde god kommunikasjon og effektivt samarbeid mellom seksjonen, andre einingar og kundane
  • Prioritera og fordela prosjekt og arbeidsoppgåver i avdelinga
  • Være ein bidragsytar for eit godt og inkluderande arbeidsmiljø

Kvalifikasjonskrav

  • Høgare relevant teknisk utdanning på bachelor- eller masternivå. Betydeleg og spesifikk relevant erfaring kan kompensera for master
  • Leiarerfaring
  • God økonomisk forståing
  • Gode kommunikasjonseigenskapar både munnleg og skriftleg

Ynskjelege kvalifikasjonar

  • Byggeteknisk utdannelse (arkitekt, konstruksjon og byggeteknikk)
  • Fleirfagleg bakgrunn med erfaring frå større bygg- og/eller anleggsprosjekt
  • Kunnskap om offentleg forvaltning og virksomheitskompetanse
  • Erfaring fra strategiarbeid, organisasjonsutvikling og forbetringsprosessar
  • Godt nettverk innan bransjen

Føretrekne eigenskapar

  • Stor motivasjon for å leie, motivera og inspirera sjølvstendige og godt kvalifiserte fagfolk
  • Inneha gode kommunikasjons- og samarbeidsevner
  • Kundeorientert med god serviceinnstilling
  • Strukturert, klara å sjå samanheng og ha eit godt overblikk
  • Evna å prioritera oppgåver og syta for at avdelinga er leveransedyktig
  • Skapa og oppretthelda gode relasjoner
  • Har motivasjon for å driva utvikling og forbetringsprosessar vidare
  • Løysingsorientert, kunna gjera raske avklaringar og ta avgjersle når det trengs
  • Nytenkjande i forhold til organisering og samarbeid

Vi tilbyr

  • Spennande og utfordrande arbeidsoppgåver
  • Medverking til utvikling av bygg og eigedommar som spenner frå museum til avanserte laboratoriebygg
  • Samarbeid med dyktige fagmiljø om viktige utviklingsoppgåver for heile universitetet
  • Inspirerande, inkluderande og godt arbeidsmiljø
  • Opplæring og mogelegheit for vidareutdanning og utvikling
  • Gode velferdsordningar som bedriftsidrettslag, bedriftshytter, kulturarrangement og bedriftsbarnehage
  • Medlemsskap i Statens Pensjonskasse med god pensjons- og forsikringsordning
  • Bustadlån til gunstige vilkår i Statens Pensjonskasse
  • Løn etter stillingskode 1059 underdirektør i lønnsspennet 78-88 (kr 765 100 - 1 014 900). For spesielt kvalifiserte søkjarar kan det vurderast høgare løn

Generell informasjon

Den statlege arbeidsstyrken skal i størst mogleg grad spegle mangfaldet i befolkninga. Det er eit personalpolitisk mål å få ei balansert alders- og kjønnssamansetning. Personar med innvandrarbakgrunn og personar med nedsett funksjonsevne blir oppmoda om å søkje stillinga. Universitetet i Bergen arbeider målbevisst for økt likestilling og vektlegg kjønnsbalanse og mangfold i ledergruppene. Kunnskap om og resultat fra aktivt likestillings- og mangfoldsarbeid vert tillagt vekt ved rekruttering av leiarar. Opplysningar om søkjaren kan bli gjort offentlege sjølv om søkjaren har oppmoda om ikkje å bli ført på søkjarlista. Dersom oppmodinga ikkje blir teke til følgje, skal søkjaren varslast om dette.

Nærare om tilsettingsprosessen: https://www.uib.no/hr/74251/ansettelsesprosessen

Kontaktpersoner

Charlotte Hageberg
Rådgiver, Jefferson Wells

E-postadresse: Charlotte.Hageberg@jeffersonwells.no

Mobil: 993 31 32

Kjartan Nesset
Rådgiver, Jefferson Wells

E-postadresse: Kjartan.Nesset@uib.no

Mobil: 959 12 831

Søk her

Vis flere stillinger: