Rådgivar/seniorrådgivar brukarprosess

Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gjev råd til staten i bygge- og eigedomssaker. Dei 870 engasjerte og dyktige medarbeidarane våre bygger og driftar bygg med meining i heile Noreg og i over femti andre land.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her 

Etter søknadsfristen har gått ut, vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Søkjarar kan bli oppførte på søkjarlista sjølv om vedkomande har bede om konfidensiell hansaming.

FirmaStatsbygg
FylkeOslo
Søknadsfrist01.12.2020

Prosjekt Nytt regjeringskvartal er organisert som ein eigen seksjon i Statsbygg si byggherreavdeling. Byggestart for prosjektet er forvent i a2021 men første innflytting i 2025. Aktivitetsbasert arbeidsplasskonsept er tilrådd for det nye regjeringskvartalet og for snarleg tiltreding søkjer vi etter ein rådgivar/seniorrådgivar som skal arbeide med brukarmedverknad og arbeidsplassutforming.

Arbeidsoppgaver

  • Delta i eit team som planlegg og gjennomfører brukarprosessar med departementa
  • Leie prosessar for å kome fram til gode og behovtilpassa arbeidsplasskonsept i nytt regjeringskvartal
  • Gi råd om, utgreie og analysere arealutvikling og arbeidsplasskonsept
  • Følgje opp og kvalitetssikre leveransar frå eksterne arkitektar og andre leverandørar
  • Utvikle og formidle kunnskap internt og eksternt

Kvalifikasjoner
  • Høgare utdanning på masternivå innan organisasjon og endringsleiing, tenestedesign eller anna relevant utdanning. Særlig relevant erfaring kan kompensere for utdanningsnivået.
  • Erfaring med brukarprosessar og arbeidsplassutforming
  • Erfaring med innføring av nye arbeidsplasskonsept i organisasjonar
  • Erfaring fra offentlig forvaltning og utgreiingsoppdrag
  • Gode munnleg, visuelle og skriftlege framstillingsevner
  • Stillinga krev tryggleiksklarering til nivå HEMMELIG, jf. tryggingslova §19. Den rette kandidaten må kunne oppnå både tryggleiksklarering og autorisasjon.

Personlige egenskaper
  • Sosiale ferdigheter og evner til å byggje relasjonar og tillitt
  • Kreativ og med motivasjon til å støtte gode arbeidsprosessar både internt og eksternt
  • Engasjert, fleksibel og positiv
  • Målrettet, konstruktiv og strukturert

Vi tilbyr
  • Ein unik sjanse til å vere ein del av en utviklingsorientert organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Spanande arbeidsoppgåver i eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Moderne arbeidsplass midt i Oslo sentrum med godt kollektivtransporttilbod og gratis sykkelparkering innandørs
  • Gode høve for vidareutdanning, fleksitid, støtteordningar for trening og eige bedriftsidrettslag
  • Stillinga blir lønna etter statens lønsregulativ. Stillinga som rådgiver/seniorrådgiver blir løna frå kr 650 000,- til kr 750 000,- per år avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte kandidatar kan høgare løn vurderast. Gjennom Statens pensjonskasse får du gode pensjons- og forsikringsordninger og høve for gunstig boustadlån

Kontaktinformasjon

Knut Jørgensen

prosjektdirektør

900 86 050

Søk stilling

Vis flere stillinger: