Assisterande prosjektleiar/prosjektleiar

Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gjev råd til staten i bygge- og eigedomssaker. Dei 870 engasjerte og dyktige medarbeidarane våre bygger og driftar bygg med meining i heile Noreg og i over femti andre land.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her

FirmaStatsbygg
FylkeOslo
Søknadsfrist18.11.2020

Denne stillinga er ein del av traineeprogrammet i staten og er reservert for personar med høgare utdanning som har nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Les om kva traineeprogrammet i staten er for noko: https://arbeidsgiver.difi.no/strategisk-hr-og-ledelse/inkluderingsdugnaden/traineeprogrammet-i-staten/til-deg-som-onsker-bli-ansatt-gjennom-traineeprogrammet

Avdeling for Rådgjeving og tidlegfase i Statsbygg gjev råd til departement og statlege verksemder. Vi har ansvaret for konseptvalutgreiingar, strategisk eigedoms- og arealutvikling, lokaliseringsanalysar og for prosjekt der staten skal leige i den private marknaden. Lokale er eit viktig verktøy for at statlege verksemder skal nå måla sine, og utgjer samstundes ein vesentleg kostnad for staten. I offentleg sektor og i samfunnet generelt er det eit aukande fokus på arealeffektivitet, berekraftig ressursbruk og brukskvalitet i statlege leigekontraktar. Avdelinga skal gjennom rådgjevinga bidra til å implementere staten sin politikk for å modernisere og effektivisere offentleg sektor, og leggje til rette for god stad- og byutvikling.

Vi har ei ledig stilling som assisterande prosjektleiar/prosjektleiar som varar inntil to år, med høve for forlenging i inntil eitt år. Stillinga ligg i Rådgjevingstenesta Innleige av lokale, som har ansvaret for å hjelpe statlege verksemder som leiger i ein kommersiell utleigemarknad.

Oppgåva vår er å sikre at staten er ein profesjonell bestillar og leigetakar i denne marknaden. Rådgjevingsseksjonen gjev råd i alle fasar av prosessen knytt til leigetilhøvet, ved relokalisering, inngåing av leigeavtalar eller reforhandling av eksisterande avtalar; frå fråflytting til innflytting i nye lokale. I tillegg er det eit mål ved anskaffing av nytt leigetilhøve at staten blir modernisert gjennom teknologiske løysingar i arbeidsplassløysingane og har eit akseptabelt klimafotavtrykk i dei nye leigekontraktane sine.

Prosjektleiaren skal aktivt hjelpe prosjektleiarar med delleveransar som omfattar planlegging, styring og rapportering av framdrift og avvik. Personen vil vere ein viktig støttespelar for oppdragsgjevarane til Statsbygg, og vil kunne gjere vurderingar av forretningsmessige og faglege problemstillingar, samt sikre kvalitet i leveransane.

Vi kan tilby ein spanande tverrfagleg arbeidsplass, der ein må like utfordringar og å jobbe med menneske i team. Du får god opplæring og støtte for raskt å bli ein del av laget og lykkast i arbeidet.

Arbeidsoppgåver

  • Gjennomføre brukarprosessar og programmere for å optimalisere arealbruken gjennom nye arbeidsformer og gode, fleksible arbeidsplassløysingar
  • Hjelpe i anskaffing og utvikling av strategisk avgjerdsgrunnlag for effektivisering og modernisering av arealbruket til staten
  • Hjelpe i utarbeiding av heilskaplege løysingsframlegg for å dekkje behova til arbeidsgjevar og etterleve føringar, retningsliner og instruksar frå staten
  • Utvikle, betre og kvalitetssikre prosessar
  • Arbeidsoppgåvene vil tilpassast til fagleg bakgrunn

Kvalifikasjonar

  • Utdanning på masternivå innan arkitektur, interiørarkitektur, tenestedesign eller byggteknisk
  • Interesse og engasjement for fagområdet
  • Svært god munnleg og skriftleg formidlings- og framstillingsevne
  • Det vil vere ein fordel med relevant erfaring

For å bli vurdert til stillinga, må du stadfeste at du er i målgruppa ved å krysse av for nedsett funksjonsevne eller hol i CV-en. Avkryssingane i jobbsøkarportalen dannar grunnlaget for anonymisert statistikk som alle statlege verksemder rapporterer i årsrapportane sine

Personlege eigenskapar

  • Sjølvstendig og med gode samarbeidsevner
  • God forretnings- og kommersiell forståing
  • Evne til å kommunisere tydeleg og til å skape begeistring
  • Målretta, strukturert og analytisk

Vi tilbyr

  • Ein unik sjanse til å vere ein del av ein utviklingsorientert organisasjon med eit viktig samfunnsoppdrag
  • Spanande arbeidsoppgåver i eit inkluderande arbeidsmiljø
  • Moderne arbeidsplass midt i Oslo sentrum med godt kollektivtransporttilbod og gratis sykkelparkering innandørs
  • Gode høve for vidareutdanning, fleksitid, støtteordningar for trening og eige bedriftsidrettslag
  • Stillingane blir løna etter statens lønsregulativ frå kr 500 000,- til kr 800 000,- per år avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt kvalifiserte kandidatar kan ein vurdere høgare løn.
  • Gjennom Statens pensjonskasse får du gode pensjons- og forsikringsordningar samt høve for gunstig bustadlån

Kontaktinformasjon

Marit Roheim

avdelingsdirektør

994 81 000

Søk stilling

Vis flere stillinger: