Me søkjer prosjekt- og byggjeleiarar - Hardanger

Norconsult er Noregs største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er heileigd av våre over 4 400 medarbeidarar som er stasjonert på 113 kontor i heile verden. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

FirmaNorconsult
FylkeVestland
StedOdda, Rosendal
Søknadsfrist29.11.2020

Norconsult AS har eit av dei største fagmiljøa i Noreg innan prosjekt- og byggjeleiing. For å dekkja den lokale etterspurnaden søkjer me etter nye medarbeidarar.

Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spanande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Kontoret har 30 medarbeidarar tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, geoteknikk, Ingeniørgeologi og maskin/prosess.

Me har stor pågang av nye spanande og tverrfaglege oppdrag i eit stort geografisk område. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med andre Norconsultkontor. Me har arbeidsstader i Odda, Eidfjord, Rosendal og på Voss. Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland. Me søkjer etter kreative og engasjerte prosjekt- og byggjeleiarar med fagleg engasjement og arbeidsglede.

Arbeidsoppgåver:

  • Kundekontakt og kundeoppfølging
  • Oppdragsleiing
  • Prosjektleiing
  • Prosjektplanlegging
  • Oppfølging på byggeplass
  • Byggherrerådgjeving
  • Marknads- og tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Er utdanna ingeniør eller sivilingeniør
  • Har minst 5 års relevant erfaring
  • Har interesse og engasjement for faget
  • Har gode samarbeidsevner
  • Har god evne til både skriftleg og munnleg framstilling på norsk

Hjå oss får du:

  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
  • Aktivt fagnettverk med jamlege samlingar
  • Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur
  • Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm

Innsending av søknad:

Ta gjerne uforpliktande kontakt med avdelingsleiar Ivar Tveito Eidnes tlf. 988 18 456. Søknad med CV, vitnemål og attester kan sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider.

Send søknad

Vis flere stillinger: