Driftsingeniørar ved Nasjonalmuseet og regjeringskvartalet

Statsbygg er ein av dei største byggherrane og eigedomsforvaltarane i Noreg, og gjev råd til staten i bygge- og eigedomssaker. Dei 870 engasjerte og dyktige medarbeidarane våre bygger og driftar bygg med meining i heile Noreg og i over femti andre land.

Vi meiner at inkludering og mangfald er ein styrke. Vi ønskjer medarbeidarar med ulike kompetansar, fagkombinasjonar, livserfaring og perspektiv for å bidra til endå betre oppgåveløysing. Vi vil leggje til rette for medarbeidarar som har behov for det. Aktuell tilrettelegging kan til dømes vere tekniske hjelpemiddel, tilpassing av møblar eller endring av rutinar, arbeidsoppgåver og arbeidstid. Les meir om inkludering og mangfald her

Etter søknadsfristen har gått ut, vil det bli utarbeidd offentleg søkjarliste. Søkjarar kan bli oppførte på søkjarlista sjølv om vedkomande har bede om konfidensiell hansaming.

FirmaStatsbygg
FylkeOslo
Søknadsfrist08.11.2020

Statsbygg, Drift- og vedlikehaldsavdelinga, har ledig to stillingar som driftsingeniørar i Oslo ved profilerte eigedomar, med høge forventingar hos leigetakarar.
Område Oslo driftar og held ved like ca. 730 000 kvm med eigedomsmasse fordelt på fem driftsteam. Porteføljen vår inneheld mange bygningar som er godt synlege i bybiletet, bl.a. Operaen, Nasjonalmuseet, regjeringskvartalet og Slottet.

Den eine stillinga er tilknytt teamet med ansvar for kultureigedomar og vil ha base ved det nye Nasjonalmuseet.

Den andre stillinga er tilknytt teamet ved regjeringskvartalet. Her blir det interessante oppgåver i grensesnittet mellom dagleg drift av eksisterande bygningar og bygging av nytt regjeringskvartal.

Statsbygg har ansvar for forvalting, drift, vedlikehald og utvikling av eigedomane. Som eigar og utleigar legg Statsbygg vinn på å ha eit godt og konstruktivt samarbeid med kundane. Difor er god kundebehandling viktig i alle ledd i organisasjonen.

Arbeidsoppgåver

  • Bygg- og eigedomsdrift med hovudvekt på tekniske anlegg
  • Vedlikehaldsplanlegging og oppfølging av vedlikehaldstiltak
  • FDV-dokumentasjon og rutinar i samsvar med internkontrollsystem
  • Bestilling og oppfølging av rammeavtalar og serviceavtalar, og i tillegg fakturabehandling
  • Dagleg oppfølging av leigetakar og leverandørar
  • Delta i tverrfagleg samarbeid og bidra med fagkunnskap overfor interne og eksterne aktørar
  • Bidra aktivt til at Statsbygg når måla sine innanfor bl.a. miljø, ENØK og digitalisering av eigedomsdrift
  • Arbeidsleiing av driftseininga kan bli tillagt ei av stillingane avhengig av kandidaten sin kompetanse og erfaring. Arbeidsleiing vil ha hovudvekt på kundebehandling, innkjøp, administrasjon, faste rutinar og fordeling av arbeidsoppgåver. Personalansvar inngår ikkje.
  • Stillinga ved regjeringskvartalet vil inngå i ei vaktordning

Kvalifikasjonar

  • Ingeniørutdanning på bachelornivå innanfor fagområda VVS, kjøleteknikk, byggautomasjon, elektro. Fagskuleingeniør vil også bli vurdert.
  • Relevant erfaring innanfor drift og vedlikehald av bygningar og tekniske anlegg
  • Gode ferdigheiter og erfaring med dagleg bruk av IKT-baserte system og utstyr er nødvendig
  • Tverrfagleg forståing og interesse for moderne drift og vedlikehald av eigedom
  • Kunnskap om og interesse for digitalisering av driftsoppgåver og bruk av SD-anlegg
  • Vilje til å bidra til gjennomføring av ENØK-tiltak og miljøvenleg eigedomsdrift
  • Gode kommunikasjonsevner på norsk, skriftleg og munnleg
  • Vedkomande som søkjer stillinga ved regjeringskvartalet må kunne tryggleiksklarererast til nivå HEMMELEG. jf. Sikkerhetsloven §19

Personlege eigenskapar

  • Evna til å samarbeide og skape gode relasjonar internt og eksternt
  • Sjølvstendig, engasjert og avgjerdslojal
  • Oppteken av effektivitet og optimalisering
  • God til å planleggje, prioritere og gjennomføre
  • Trivst med utfordrande oppgåver og høgt tempo

Å vere personleg eigna for stillinga vil bli vektlagt.

Vi tilbyr

  • Spanande oppgåver i tverrfagleg miljø med gode utsikter for fagleg og personleg utvikling
  • Pensjons- og forsikringsordningar og høve for bustadlån gjennom Statens Pensjonskasse
  • Fleksibel arbeidsordning
  • Gode velferdsordningar, f.eks støtte til treningsaktivitetar
  • Stillinga blir løna frå kr 550 000,- til kr 660 000,- pr år, avhengig av kvalifikasjonar. For spesielt godt kvalifiserte kandidatar kan ein vurdere høgare løn.

Kontaktinformasjon

Simen Gjersvoll Osland

underdirektør

911 47 595

Kristi Nyblin

fung. områdedirektør

482 73 098

Jan Robby Nilsen

underdirektør

901 30 917

Søk stilling

Vis flere stillinger: