Byggingeniør Stord

Multiconsult er et norsk kraftsenter med internasjonalt nedslagsfelt innen prosjektering og rådgivning. Gjennom flere kontorer i Norge og internasjonalt benytter vi 100 års erfaring til å skape ny historie. For oss handler muliggjøring om erfaring, rett kompetanse og riktig kompetansesammensetning blant våre nærmere 3000 medarbeidere.

Multiconsult er notert på Oslo Børs og opererer innenfor følgende syv forretningsområder: Bygg & Eiendom, Industri, Olje & Gass, Samferdsel, Fornybar Energi, Vann & Miljø og By & Samfunn.

FirmaMulticonsult
FylkeVestland
StedStord
Søknadsfrist05.06.2020

Multiconsult Norge AS avdeling Stord er i vekst, og me ønskjer å styrke vår kompetanse innan bygg og konstruksjonsteknikk. Me ser difor etter ein byggingeniør (bachelor/master) med over 5 års erfaring. Det er ein fordel om du er etablert i Sunnhordland.

Som tilsett hos oss vil du bli ein del av eit veldreve kompetansenettverk med samkøyrte fagområde som er i front på alt frå digitale arbeidsprosessar til prosjektgjennomføring.

Multiconsult har i fleire undersøkingar vist seg å vere ein av dei mest attraktive arbeidsgjevarar i bransjen, både blant studentar og erfarne, er du nyskjerrig på kvifor?

ARBEIDSKVARDAGEN I EIN AV DEI MEST ATTRAKTIVE RÅDGJEVARBEDRIFTENE I NORGE

I rolla som byggingeniør vil du kunne ta del i store, komplekse og tverrfaglege prosjekt. Nokre pågåande oppdrag er mellom anna nytt mellomtrinn ved Tysnes skule for Tysnes kommune, forlenging av kranspor for Kværner Stord og nytt settefiskanlegg for Bremnes Seashore i Trovåg.

Hos oss vil du få ei viktig rolle i å vidareutvikle vårt konstruksjonsmiljø. Vidare ønskjer me å leggje til rette for at du får ein arbeidskvardag med utviklande og interessante arbeidsoppgåver som bidreg til fagleg og personleg utvikling.

Dine arbeidsoppgåver vil hovudsakleg vere knytt til prosjekteirng og rådgjeving til våre offentlege og private kundar. Typiske arbeidsoppgåver vil vere:

  • Oppfølging av våre dyktige samarbeidspartnarar og kundar
  • 3D-modellering i teikneverktøyet REVIT
  • Berekningar av betong-, stål- og trekonstruksjonar
  • Tverrfagleg koordinering mot eksterne og interne arkitekt- og rådgjevarmiljø
  • Deling og kompetanseutvikling gjennom vårt tverrfaglege rådgjevarmiljø

BLI EIN DEL AV MOGLEGGJERINGSKULTUREN I MULTICONSULT

Mogleggjeringskulturen i Multiconsult handlar om erfaring, rett kompetanse og rett kompetansesamansetjing. Kanskje er det akkurat deg me treng på laget?

Er du ein person som med gode samarbeidseigenskapar trivast med å jobbe tverrfagleg i team? Har du eit brennande fagleg engasjement, samt interesse og forståing for andre involverte fagområde? Da kan det vere akkurat deg me leiter etter.

KVA MEIR KAN ME TILBY DEG?

  • Spennande og langsiktige karrieremoglegheiter
  • Ein god balanse mellom arbeid og fritid
  • Eit inkluderande og sosialt arbeidsmiljø. Me meiner at godt samhald og trivsel på arbeidsplassen er vegen til effektive og motiverte medarbeidarar. Difor tilbyr me mellom anna bedriftsidrettslag med varierte tilbod, ulike sosiale arrangement og avdelingsturar.
  • Gode pensjons- og forsikringsordingar, samt aksjespareprogram
  • Fem vekers ferie, fri i romjula og i påskeveka, samt fleksibel arbeidstid
  • Firmahytter rundt om i landet

LITT MEIR OM OSS

Multiconsult avdeling Stord er det største rådgjevarmiljøet mellom Bergen og Stavanger. Me tilbyr rådgjevartenester til privat og offentleg sektor, med hovudtyngde innan bygg- og eigedom og industri. Me er om lag 50 medarbeidarar på Stord, som arbeider med over 10 ulike fagområde.

Er du den rette for jobben? Ikkje nøl med å sende inn ein søknad, me handsamar søknader fortløpande, og gler oss til å høyre frå deg!

For ytterlegare informasjon om stillinga, ta kontakt med Steinar Kjerpeseth, seksjonsleiar bygg og industri, avdeling Stord, tlf 99 24 37 90.

Søk stilling

Vis flere stillinger: