Firma | Norconsult |
Fylke | Vestland |
Sted | Odda |
Søknadsfrist | 15.04.2020 |
Norconsult Hardanger og Voss er eit kontor i vekst som utfører spanande og varierte oppdrag i eit godt arbeidsmiljø. Kontoret har 30 medarbeidarar tverrfagleg samansett innanfor fagområda arkitektur, arealplanlegging, konstruksjonsteknikk, akustikk, byggeleiing, landmåling, elektro, kommunalteknikk, geoteknikk, Ingeniørgeologi og maskin/prosess.
Vi har stor pågang av nye spanande og tverrfaglege oppdrag i eit stort geografisk område. Desse vert ofte gjennomført i tett samarbeid med våre nabokontor i Region Vest og hovudkontor i Sandvika, eller med andre Norconsultkontor. Me har arbeidsstader i Odda, Eidfjord og på Voss.
Norconsult byr på varierte oppgåver som gjev gode høve for karriere i inn- og utland.
Vi søkjer etter unge, kreative og engasjerte sivilarkitektar med fagleg engasjement og arbeidsglede.
Dine arbeidsoppgåver vil i hovudsak vera:
- Planlegging og prosjektering av alle typar arkitektoppdrag, frå store offentlege til mindre private bygg
- Illustrasjonar og presentasjonar
- Byggdetaljar og spesifikasjonar
- Utarbeiding av konkurransegrunnlag
- Prosjekt- og oppdragsleiing
- Synfaringar og oppfylgjing på byggeplass
- Kontakt/kommunikasjon med oppdragsgjevarar, både interne og eksterne
- Markeds- og tilbodsarbeid
Ynskjelege kvalifikasjonar
- Mastergrad i arkitektur
- Stort fagleg engasjement og interesse for planlegging av våre fysiske omgjevnader
- God evne til både skriftleg og munnleg framstilling
- Vera open for eit breitt tverrfagleg samarbeid
- Kunnskap innan digitale verktøy og 3D modellering; ArchiCad/Revit/AutoCad.
- Vera positiv og kreativ
Vi tilbyr
- Gode løns- og arbeidsvilkår
- Store faglege utfordringar der du kan utvikla deg gjennom spennande prosjekt saman med flinke kollegaer
- Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
- Aktivt fagnettverk med jevnlege samlingar
- Godt arbeidsmiljø fundamentert på ein sterk bedriftskultur
- Fokusering på kompetanse- og personalutvikling
- Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
- Studieturar, ulike sosiale arrangement, firmahytter mm
Innsending av søknad:
Søknad med CV, vitnemål, attestar og vedlegg skal sendast via vårt elektroniske søknadsskjema på våre internettsider www.norconsult.no
Kontaktperson
Ivar Tveito Eidnes
Avdelingsleder Hardanger
Vis flere stillinger:
- Alle
- Søk etter Norconsult, Odda
- Fylke Vestland