Norconsult Sogn og Fjordane søkjer geoteknikar

Norconsult er Norges største rådgjevarbedrift. Våre tenester er retta mot samfunnsplanlegging, prosjektering og arkitektur. Selskapet er eigd av våre over 4200 tilsette som er stasjonert på 135 kontor i heile verda. Hovudkontoret ligg i Sandvika utanfor Oslo.

FirmaNorconsult
FylkeVestland
StedFørde, Sogndal, Årdalstangen
Søknadsfrist30.03.2020

Fagmiljøet innan geoteknikk i Norconsult omfattar for tida ca. 70 medarbeidarar med dei største miljøa i Sandvika, Molde og Gøteborg. Molde og Gøteborg har i tillegg eigne feltavdelingar med boreriggar og laboratorium.

Vi vil styrke geomiljøet lokalt og på Vestlandet og søkjer deg som vil vere med på vidare oppbygging av ei brei geofagleg gruppe i regionen. Geo-gruppa i Region Vest tel i dag 13 medarbeidarar og omfattar ingeniørgeologar, geoteknikarar og miljøgeologar. Per i dag har vi to geoteknikarar og ein ingeniørgeolog i Sogndal, og ein geoteknikar på Sandane.

Vi har kontor i Førde, Sogndal, Årdal og Sandane med over 60 medarbeidarar totalt. Vi utfører tenester innan samfunns- og arealplanlegging, veg- og trafikk, landskapsarkitektur, VA, elektro, VVS, landmåling, geoteknikk, ingeniørgeologi, miljø, industri/maskin, konstruksjon, bygg- og anlegg og prosjektadministrasjon.

Hjå oss møter du engasjerte kollegaer, frå unge nyutdanna til erfarne seniorar med brei kompetanse og stort nettverk i bransjen.

Vi samarbeider tett med geoteknikkmiljøet elles i Norconsult. Vi har stor tilgang på oppdrag innan fagfeltet. Dei geotekniske oppgåvene er i all hovudsak retta mot samferdsel- , bygg- og anlegg-, og industrisektoren der vi tek oss av alle typar geotekniske problemstillingar innan veg, kontor- og næringsbygg, industribygg, hamner, bustadprosjekt og kommunaltekniske anlegg.

Vi søkjer etter motivert og dyktig sivilingeniør innan geoteknikk. Erfaring med geoteknisk prosjektering er eit fortrinn.

Er du vår nye medarbeidar?

Dine arbeidsoppgåver vil vere:

  • Geoteknisk planlegging, rådgjeving og prosjektering i alle prosjektfasar
  • Geoteknisk planlegging og oppfølging ved gjennomføring av felt- og laboratorieundersøkingar
  • Prosjekt- og oppdragsleiing samt fagansvar i tverrfaglege oppdrag i alle prosjektfasar
  • Utarbeiding av spesifikasjonar og konkurransegrunnlag
  • Synfaringar og oppfølging på byggjeplass
  • Samarbeid og kontakt med interne og eksterne aktørar
  • Kundeoppfølging, marknadsføring og sal/tilbodsarbeid

For oss er det viktig at du:

  • Har eit fagleg engasjement og god fagleg forankring
  • Er kreativ, løysingsorientert med analytiske evner
  • Tek initiativ, er målretta og resultatorientert
  • Er fleksibel og ansvarsbevisst
  • Er sjølvstendig, men likar å arbeide med menneske og fungerer godt i team – ein god relasjonsbyggjar
  • Er flink til å formulere deg munnleg og skriftleg på norsk
  • Erfaring og ferdigheiter i bruk av prosjekterings- og berekningsverktøy som AutoCad Civil 3D, Novapoint, GeoSuite og Plaxis er ein fordel

Hjå oss får du:

  • Spennande kompetansehevings- og karrieremogelegheiter innan marknad, fag, linje og oppdrag
  • Verdibasert samfunnsplanlegging med fokus på framtidsretta og berekraftige løysingar
  • Sterk bedriftskultur og godt arbeidsmiljø prega av uformelle kommunikasjonslinjer på tvers av organisasjon og geografi
  • Eige fora for yngre medarbeidarar med direkte tilgang til toppleiinga i konsernet (Yngres Råd)
  • Ordning for deling av overskotet der alle tilsette får direkte utbytte av resultatet i selskapet
  • Eigarskap i Norges største tverrfaglege rådgjevarbedrift
  • Gode løns- og arbeidsvilkår
  • Fleksibel arbeidstid
  • Studieturar, interne fagsamlingar/fagnettverk, ulike sosiale arrangement, bedriftshytter mv

Vi gjer merksam på at det berre er elektroniske søknadar som vil bli handsama.

Send søknad

Kontaktperson

Tone Myklebust Kvåle

Kontorleiar

Tlf. +47 95 80 75 09 Send e-post

Vis flere stillinger: