Forventar mykje nedbør - stenger E16 natt til onsdag

- Tysdag 10. desember ventar vi mykje nedbør. Vi vel difor å stenge E16 ved Nærøydalselva bru, på strekninga mellom Voss og Lærdal.

Mykje steinmasse i fjellsida ved E16 Nærøydalen. Statens vegvesen fryktar nye ras når det kjem regn tysdag. Foto: Statens vegvesen

Det forklarar byggeleiar i Statens vegvesen, Rune Dvergsdal overfor vegvesen.no.

Geolog har vore på staden og sjekka fjellsida etter at det måndag gjekk ras slik at europavegen var stengt heilt til klokka 13.

- Store steinmassar la seg i fjellsida, og med så mykje regn i vente, er vi redde for at meir stein skal kome ned, seier Dvergsdal.

Europavegen blir stengt 10.12.19 frå klokka 22:00, og blir etter planen opna att onsdag 11.12.19 klokka 06:00.