Entreprenørar frå Bertelsen & Garpestad, Metrostav i lag med Statens vegvesen. Foto: Statens vegvesenSlik ser det ut når leidningar heng ned frå borehòl som er fylt med sprengstoff. Foto: Statens vegvesenEi lysstripe har funne vegen gjennom fjellet. Foto: Statens vegvesen

Feira gjennomslag på Sotrabru-prosjekt

Straumkablar som går over fjorden mellom Drotningsvik til Hjelteryggen skal leggas i tunneler i bakken og på fagverket på eksisterende Sotrabru for å gi plass til ny Sotrabru. Nyleg var det gjennomslag i ein kabeltunnel på prosjektet.

Sidan mai 2018 har arbeidet med å lage ein 1.500 meter lang kabeltunnel gått føre seg. I november var det gjennomslag.

Det er Bertselsen og Garpestad i samarbeid med tsjekkiske Metrostav i et arbeidsfellesskap som har utført jobben.

Byggjeleiar i Statens vegvesen, Gunnar Gjæringen, har koordinert arbeidet med entreprenøren.

– Dette er ikkje vanleg byggjearbeid fordi dette er ein konsesjon, som krev godt samarbeid med BKK for å få dette til, seier han til vegvesen.no.

Ifølgje byggjeleiaren har samarbeidet med entreprenøren også vore ei positiv oppleving.

– Vi har hatt god dialog, og eg oppfattar at det har gått begge vegar. Dei er fleksibel og fokusert på å få ting til. Dei har gjerne komme med løysingar som vi har spart både tid og pengar på, fortel Gjæringen.

I 2020 vert kablane trekt gjennom tunnelene og på brua.