Vegvesenet signerte kontrakt med Mesta

Statens vegvesen har signert kontrakt med Mesta Entreprenør AS på bygginga av ny gang- og sykkelveg langs E39 mellom Farsund og Kusslid i Førde.

Prosjektet inneheld 850 meter gang- og sykkelveg, mellom Farsund i vest og Kusslid i aust, ei vegstrekning som har vore smal og utrygg for gåande og syklande.

Arbeidet startar måndag 4. november, og det vil bli lysregulering forbi anleggsområdet. Trafikantar må difor rekne med noko ventetid.

Arbeidstida vil vere frå sju på morgonen, til sju på kvelden, frå måndag til torsdag. Vegen vil vere innsnevra i anleggsperioden, difor blir strekninga lysregulert også når det ikkje er arbeid på staden, melder vegvesen.no.

Dette eit samarbeidsprosjekt mellom Statens vegvesen og Førde kommune, der kommunen skal legge nytt vatn- og avløpsanlegg (VA-anlegg) i vegkroppen til gang- og sykkelvegen.

Prosjektet skal etter planen stå ferdig hausten 2020.