Regjeringa vedtok i fjor å samle fagmiljøa på NTNU i Trondheim rundt Gløshaugen. No foreslår dei å gi klarsignal til oppstart av forprosjektet, og sett av 40 millionar kroner til dette arbeidet i 2020. Foto: Ssolbergj / Wikipedia

Regjeringa vil ha havlaboratorium og samla universitetscampus på NTNU

I statsbudsjettet for 2020 føreslår regjeringa 55 millionar kroner til planlegginga av Ocean Space Laboratories og 40 millionar kroner til forprosjekt for NTNUs campus i Trondheim på Gløshaugen.

– Ocean Space Laboratories og Campus NTNU er viktige prosjekt for auka konkurransekraft og omstilling av Noreg. Når vi no gir klarsignal å gå vidare med planlegginga av desse prosjekta, tar vi fleire steg framover i dette arbeidet, seier forskings- og høgare utdanningsminister Iselin Nybø (V) i ei pressemelding.

Ocean Space Laboratories
Planen er å bygge forskingsbasseng, strøymingstank, energi- og konstruksjonslaboratorium og undervisningslaboratorium. Dei nye laboratoria sikrar verdiskaping for Noreg fordi dei bidreg til ei konkurransedyktig havnæring. I tillegg kjem eit fjordlaboratorium, med måleutstyr for studium av miljø og reiskap i sjøen utanfor Ålesund, Hitra/Frøya og Trondheimsfjorden. Forprosjekteringa av bygg og utstyr vil halde fram i 2020 og 2021.

– Eg er glad for at arbeidet held så god framdrift. Dette er ei viktig investering for havmiljøet og havnæringane som gjer at Noreg fortsatt kan være i føresetet, seier næringsminister Torbjørn Røe Isaksen (H).

Laboratoria skal bidra til å gjere havnæringane meir produktive gjennom teknologiutvikling og spreiing av kunnskap. Dei skal vere kjernen i eit verdsleiande utdannings- og kunnskapsmiljø.

Campus NTNU
Regjeringa vedtok i fjor å samle fagmiljøa på NTNU i Trondheim rundt Gløshaugen. No foreslår dei å gi klarsignal til oppstart av forprosjektet, og sett av 40 millionar kroner til dette arbeidet i 2020. Det betyr at førebuingane til byggestart held fram.

– Å samle fagmiljøa er god samfunnsøkonomi og vil gi betre og meir relevante kandidatar med tverrfagleg kompetanse til framtidas arbeidsliv. Framtidas arbeidsmiljø har bruk for arbeidstakarar som kan jobbe på tvers av faglege skiljeliner, seier Nybø.

Campusprosjektet inneber å flytte dei humanistiske og samfunnsvitskaplege miljøa frå Dragvoll, medan kunst-, arkitektur- og musikkmiljøa flytter frå ulike stader i Trondheim sentrum. Campussamlinga skal integrere eksterne aktørar frå arbeids- og næringsliv med fagmiljøa på campus.