Bertelsen & Garpestad går i gang i Goaveien

Statens vegvesen startar arbeidet på fylkesveg 474 Goaveien i Randaberg måndag 19. august.

Bertelsen & Garpestad AS gjer jobben for Statens vegvesen. Strekninga det er snakk om er rundt 500 meter.

Ein skal utvide vegen for å gjere framkomsten for bussar enklare, bygge nytt fortau og nye lys blir montert.

- Det blir langt betre for kollektivtrafikken og mjuke trafikantar. Vi har allereie fjerna større tre i midtrabatten, og set opp gjerde som sikrar dei mjuke trafikantane, seier byggeleiar Raymond Ur Helland i Statens vegvesen til vegvesen.no.

Statens vegvesen samarbeidar med Randaberg kommune, som skal legge ny vassleidning og lage nytt overvass-system. Lyse nyttar høvet til å legge høgspentkabel og fiberkabel.

Mjuke trafikantar kan gå og sykle gjennom Goaveien som vanleg. For andre trafikantar blir det omkøyring via Kvernevikveien og Varheiveien.

Alt skal vere ferdig i løpet av oktober.