Illustrasjonsfoto: Sindre Sverdrup Strand

Statens vegvesen avlyser Karmsundgata-konkurransen - avviser Risa

Statens vegvesen stoppar dermed anbodsprosessen. Kontrakten er ein totalentreprise, og hadde ein verdi på 385 millionar kroner.

Hausten 2018 lyste Statens vegvesen ut utvidinga av fylkesveg 47 Karmsundgata i Haugesund. I den innleiande fasen blei to entreprenørar prekvalifisert. Våren 2019 kom det inn tilbod frå begge, og etter lange forhandlingar blei dei to orientert om at Statens vegvesen ville tildele oppdraget til Risa AS.

Konkurrenten Vassbakk & Stol klaga på tildelinga.

- Entreprenøren ba om ei såkalla forføyning og har peikt på ein formell feil i prekvalifiseringa. Statens vegvesen har vurdert påstandane i klagesaka og er komne til at det er grunnlag for å avvisa tilbodet til Risa AS i prekvalifiseringa. Difor har Statens vegvesen valt å avvise tilbodet frå Risa, forklarer prosjektleiar Einar Færaas i Statens vegvesen til vegvesen.no.

- Statens vegvesen står igjen med eit tilbod. Tilbodet frå Vassbakk & Stol er vesentleg høgare enn det vi har budsjett til. Det er rett og slett ikkje nok pengar til å gå i gang, seier Færaas.

Statens vegvesen avlyser konkurransen og startar arbeidet med å lyse ut prosjektet på nytt i nær framtid.

Strekninga det er snakk om går frå Opelkrysset (Haukelivegen) og 1.300 meter mot sentrum, til Storasundgata. Oppdraget var å utvide Karmsundgata mellom Storasundgata og Opelkrysset i Haugesund frå to til fire felt. Tre gangbruer, undergang, nye lys, støyskjermar med meir er også oppgåver som ligg i kontrakten.

I tillegg kjem fortau med sykkelveg på begge sider av gata, og tre bruer for dei som går og syklar. I kontrakten ligg også 760 meter med støyskjermar og nye busshaldeplassar.