Dette inneber at 97 prosent av målarparken no har målarar som automatisk sender data om kunden sitt forbruk til nettselskap og kraftleverandør som grunnlag for faktureringa.
- Det all grunn til å vera nøgd med ein gjennomføringsgrad på 97 prosent. Grunna innvilga dispensasjonar og fritak var det ikkje venta at absolutt alle målepunkt ville få ny målar innan fristen, seier vassdrags- og energidirektør Kjetil Lund i ei melding.
Hovudårsaka til manglande installasjon skuldast innvilga utsetjingar og forseinkingar i nettselskap. Samla utgjer dette 2 prosent. Vidare har 0,2 prosent fått fritak med legeattest, medan 0,8 prosent skuldast kundar som har motsett seg å skifte målar utan gyldig grunn.
For at nettselskapa skal få rimeleg god tid vil NVE gje nettselskapa frist til 1. januar 2021 for installasjon av smarte målarar i dei resterande målepunkta. Dette er same fristen som vart gjeve til nettselskap som hadde installert nye målarar med tovegs kommunikasjon før forskriftsvedtaket i 2011. NVE vil i tida framover følgje opp at nettselskapa held fram med å skifte ut gamle målarar.
Dei siste oppgjevne tala viser at totalkostnaden for AMS-installasjonen vil vere i storleiksorden 9 milliardar kroner. Dette er om lag 10 %, eller 1 milliardar kroner, lågare enn nettselskapa rekna med i startfasen av installasjonen i 2016.
- Nøkkelord
- Strøm