Teknisk bygg under montering i Rådal. Foto: Geir Brekke/Statens vegvesen

Blir 15 tekniske bygg på E39 Svegatjørn-Rådal

Statens vegvesen bygger ikkje berre veg og tunnel på E39 Svegatjørn–Rådal. Det skal tilsaman oppførast 15 tekniske bygg. [

Dei 15 bygningane skal brukast i samband med drifta av veganlegget etter at motorvegen mellom Os og Bergen er teken i bruk, melder vegvesen.no.

Ulvenvegen

Dei elektriske anlegga i tunnelar og dagsoner vil bli styrt frå dei tekniske bygga.
I kontrakten for sørlege delen av prosjektet er det 10 tekniske bygg som skal byggast og innreiast. Dermed er det fem bygg som skal på plass på nord-kontrakten.

Tilsaman fem av bygga blir ute i dagsoner, medan 10 kjem inne i tunnelane.

For tida pågår det elektro-montasje i det ferdige tekniske bygget på fv. 160 Ulvenvegen, som blei opna for trafikk i fjor. Her har ein vald å bygge huset innfeldt i den store natursteinsmuren nær Ulvenparken. Seinare kjem det teknisk bygg også i Endalausmarka.

Rådal og Skeievatn

For tida pågår det montering av prefabrikerte byggmodular til teknisk bygg i Rådal, tett nord for portalane til Råtunnelen, inn mot Råtun. Det er og i gang montering av teknisk bygg ved rampe-konstruksjonen nær Skeievatn, ved rv. 580 Flyplassvegen.

Seinare vil det og bli reist teknisk bygg på Nordås. Her vil bygget bli støypt på plassen.

Dei to bygga i tunnelane på nord-kontrakten er på kring 82 kvadrat. Arealet på dei tre bygga i dagsoner i denne kontrakten varierer frå 67 til 147 kvadratmeter.