Nordhordlandspakken inviterte entreprenørar til møte. Foto: Statens vegvesen

Vil ha innspel frå entreprenørar til Nordhordlandspakken

Onsdag inviterte Nordhordlandspakken til marknadsdialog. 

På det nye prosjektkontoret på Galteråsen fekk entreprenørar ein gjennomgang av eit av dei 19 prosjekta i Nordhordlandspakken, Marås-Solveit.

Bakgrunnen for marknadsdialog var for å høyre kva entreprenørane sjølv tenkjer og kva innspel dei har før konkurranse vert utlyst. I alt møtte elleve personar frå seks entreprenørar.

Største prosjektet i pakken

Byggjeleiar Andreas Kolås tok entreprenørane gjennom kva som skal byggjast i det største prosjektet i Nordhordlandspakken. Vegen vil i 2026 har 1700 køyretøy i døgnet.

– Vi ønskjer tilbakemelding på kor lang byggetid de treng, kor stramt må tidskjema vere, tid og kor lang tid til prosjektering de må ha. I tillegg ønskjer vi innspel på tekniske løysingar og plassering av installasjonar og anna, seier Kolås melder vegvesen.no.

Dette skal byggast:

* 5,5 kilometer med veg mellom Snekkevika og Soltveit. Opsjon på 2 km veg mellom Marås og Snekkevika

* Busslommer

* Ein rasteplass

* Tømmervelteplass

* To bruer

* Tre kulverter (underganger)

Viktig dyreliv

På Radøy er det eit rikt dyreliv som det er viktig å ta omsyn til.

– I delar av området er det mykje hjort, og det er fleire gytebekker. Vegvesenet vil følgje opp prosjektet så dyrelivet ikkje vert forstyrra, seier Kolås.

I områda rundt finst det mellom anna frosk, padde, hjort, oter, ål og sjøaure.

Entreprenøren som skal byggje vegen må difor også lage passasje for oter, amfibium og fisk. Denne kallast for ein «catwalk».

Viktig dialog

Marknadsdialog vart testa ut for fyrste gang, og prosjektleiar Håvard Dyrkolbotn ønskja tilbakemelding på form og innhald.

– Vi synest det er utruleg positivt med dialog og samspel. Vi skal vere einige og omforeint om kva som skal vere det ferdige produktet, seier Kolås.

Konkurransen er planlagt lyst ut i mai, innlevering til prekvalifisering i juni og i august vert det tatt ei avgjerd på kven som vert med vidare.